God omsorg til den aldersdemente
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/285957Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I denne oppgåva har eg nytta meg av litteraturstudie som metode. Temaet for oppgåva er God omsorg til den aldersdemente. Grunnen til at eg har valt dette temaet er fordi eg sjølv har sett og opplevd at det er lett å trakke over grensa for bruk av tvang ovanfor demente. Eg opplever det vanskeleg og fagleg utfordrande å stå i ein situasjon der grensa ovanfor kva som er greitt og ikkje greitt er uklår. Eg vil med denne oppgåva setje meg inn i korleis ein kan løyse samhandlinga på ein god måte for å unngå bruk av tvang. Problemstillinga mi er korleis kan sjukepleiaren kommunisere for å minske tvang i samhandling med pasientar med demens?
Det er vanskeleg å svare på når det er greitt med tvang eller ikkje, fordi ein alltid skal handle etter det som er best for pasienten. Tvang vert ofte bortforklart med at det vert gjort som eit naudsynt gode for pasienten. Eg har gjennom oppgåva konkludert med at god kommunikasjon med den demensramma pasienten kan forhindre bruk av tvang. For å skape god kommunikasjon med pasienten er god bakgrunnskunnskap om pasienten viktig. Musikk og song er kommunikasjonsmetoden eg valde å setje meg inn i. Utagerande åtferd kan føre til utøving av tvang, sidan samhandlinga vert vanskeleg dersom ein møter motstand hos pasienten. Det viste seg at musisk kommunikasjon kan minske utagerande åtferd. Konklusjonen vert dermed at musikk og song kan vere ein metode for å unngå unødig bruk av tvang.
Beskrivelse
Sjukepleie, Bachelorstudium Sk152 2015