Kva betyding har det biologiske prinsipp i avgjersler om omsorgsovertaking og fastsetjing av samvær?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/285794Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Ut frå temaet det biologiske prinsipp og korleis det kan ha innverknad på barnets beste, har eg valt å diskutere denne problemstillinga:
Kva betyding har det biologiske prinsipp i avgjersler om omsorgsovertaking og fastsetjing av samvær?
Eg har valt å leggje vekt på tilknyting og utviklingsstøtte som teoretisk rammeverk når eg drøftar dette. I tillegg vel eg å ha fokus på dei alvorlegaste sakene i drøftinga der eg meiner vektlegginga av det biologiske prinsipp kan gjere størst skade for barnet. I NOU 2012:5, som omhandlar betre beskyttelse av barns utvikling, har eit utval med barnepsykolog Magne Raundalen som leiar, komme med forslag om eit nytt prinsipp som dei kallar det utviklingsstøttande tilknytingsprinsipp. Dei meiner dette prinsippet skal brukast i saker om omsorgsovertaking ved å vurdere om tilknytingskvaliteten mellom omsorgspersonane og barnet er utviklingsstøttande eller ikkje. Mykje forsking i nyare tid har fokus på kor viktig tilknytingskvalitet er for barns utvikling.
Beskrivelse
Barnevern, bachelorstudium
BSV5-300
Mai 2015