Lettare sagt enn gjort
Abstract
Forsking viser at utelatne insulindosar er eit problem hos ungdom som har type 1 diabetes, og at dette heng saman med manglande ansvarsklargjering og manglande fokus av ulike årsaker. Mange ungdommar får for mykje ansvar for tidleg, og sjukepleiaren har ei viktig rolle i å gi desse pasientane tilstrekkeleg opplæring og god rettleiing. Det er også viktig at sjukepleiaren motiverar dei til den eigenomsorga sjukdommen krev. Pasienten må vere i førarsetet, og det er ein føresetnad at opplæring, rettleiing og motivasjon blir gitt ut i frå den einskilde sine ynskjer og behov.
Description
Sjukepleie, Bachelorstudium Sk152 2015