Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVallestad, Jan Erik
dc.date.accessioned2015-06-22T07:09:05Z
dc.date.available2015-06-22T07:09:05Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/285282
dc.descriptionØkonomi og administrasjon BO6-2001 Mai 2015nb_NO
dc.description.abstractI denne oppgåva har eg teke for meg kva skattemessige konsekvensar ein kan vente seg ved val av føretaksform. Eg har sett på dei vanlegaste føretaksformene i Noreg, enkeltpersonføretak og aksjeselskap. Eg har teke utgangspunkt i ei verkeleg verksemd, og fått bruke reelle rekneskapstal henta frå næringsoppgåva, resultatregnskapet og balansen. Dette har gjort problemstillinga meir interessant, og har sørga for eit mest mogleg realistisk grunnlag for å belyse dei ulike emna. På bakgrunn av dette har eg formulert tre forskingsspørsmål til dette emnet: Kva skattemessige skilnader er det mellom enkeltpersonføretak og aksjeselskap, kva føretaksform eignar seg best for verksemda som eg har utgangspunkt i, og korleis bør verksemda gå fram ved ei eventuell omorganisering. Eg har henta inn teori for å skape eit grunnlag som eg byggjer vidare på, og tek i bruk når det kjem til dei skattemessige utrekningane. Den beste løysinga for verksemda eg har sett på blei danna på ut i frå desse utrekningane, saman med det teoretiske grunnlaget som låg bak. Det er likevel viktig å påpeike at konklusjonen som kjem fram her kan endre seg ved blant anna ei endring i drifta av verksemda. Ein konkret konklusjon som vil passe ein kvar situasjon, eller andre typar verksemder, vil såleis nødvendigvis ikkje kunne treffast. Det som i all hovudsak skil eit enkeltpersonføretak frå eit aksjeselskap, er grunnlaget for skattlegginga. Eit enkeltpersonføretak blir skattlagt etter resultatet, og blir vidare ekstraskattlagt gjennom trygdeavgift og toppskatt. Ein aksjonær i eit aksjeselskap vil derimot ikkje bli ekstraskattlagt før vedkommande tek ut anten utbyte eller løn frå selskapet. Andre emne som eg har belyst i oppgåva er formuesskatt, arbeidsgjevaravgift og omdanning av enkeltpersonføretak til aksjeselskap.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectenkeltmannsforetaknb_NO
dc.subjectaksjeselskapnb_NO
dc.titleKva skattemessige konsekvensar medfører valet av føretaksform: Enkeltpersonføretak og aksjeselskapnb_NO
dc.title.alternativeWhich taxual consequences does the choice of company type lead to?: Sole proprietorships & limited companiesnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber45nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel