Rekneskapsføraryrket og den teknologiske utviklinga: Korleis påverkar den teknologiske utviklinga arbeidet til rekneskapsføraren?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/285278Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Den teknologiske utviklinga har vore stor dei siste 35 åra. Datamaskiner og mobiltelefonar
har blitt allemannseige, og ein har gått frå eit papirsamfunn til å bli eit meir digitalisert
samfunn.
På bakgrunn av den teknologiske utviklinga har vi i denne oppgåva sett på korleis utviklinga
har påverka arbeidskvardagen til rekneskapsføraren.
Vi har ved hjelp av personlege intervju innhenta empiri frå seks personar hjå fem ulike
rekneskapsbyrå.
Kvardagen til ein rekneskapsførar har blitt endra dei siste åra. Ein har gått frå å ha hatt eit
kontor fullt av permar med bilag, til å ha eit kontor der det nesten ikkje er permar, men alt
ligg inne digitalt på pc. Skanning blir nytta for å få relevante dokument som fortsatt er på
papir til å bli eit elektronisk dokument som kjem direkte inn i dataprogramma.
Det at ulike rekneskapsprogram blir reklamert for, og at dei spelar på at ein no skal klare å
føre rekneskapet sjølv, bidreg til at rekneskapsførarane truleg får eit arbeid som går meir på
rådgjeving og å kontrollere enn å føre rekneskap i framtida. Sjølv om det blir enklare å føre
rekneskap sjølv, kjem behovet for å ha ein rekneskapsførar likevel til å halde fram. Dette då
kundar gjerne ikkje har den same kunnskapen som ein rekneskapsførar. Som rådgjevar gir ein
tips og råd til kundane sine om kva som er lurt å gjere med pengane, og ein svarar også på
relevante spørsmål knytt til rekneskapet.
Beskrivelse
Bachelorstudium i økonomi og administrasjon
BO6-2001
Mai 2015