Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHåvik, Anita
dc.contributor.authorTrovåg, Karoline Lambrechts
dc.date.accessioned2015-06-22T06:44:17Z
dc.date.available2015-06-22T06:44:17Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/285271
dc.descriptionReiselivsleiing BO6-2005 Mai 2015nb_NO
dc.description.abstractI denne bacheloroppgåva tek vi føre oss stisykling. Stisykling har vakse seg til ein attraktiv aktivitet som reiselivet kan bruke som utgangspunkt for å auke verdiskaping. På Kaupanger i Sogndal kommune viser området allereie til popularitet og antal stisyklistar veks. Basert på denne veksten har Kaupangerskogen potensiale for utvikling rundt aktiviteten og for å skape verdi for reiselivet og lokalsamfunnet rundt Sogndal. Verdien stisykling kan skape er å trekke fleire turistar, skape jobbmogelegheiter, auke kjennskap til ein destinasjon, og ikkje minst gje ein økonomisk gevinst for både reiselivet og overrislingsnæringane. Problemstillinga vil gje svar på kva reiselivet i Sogndal kan gjere for å auke verdiskaping knytt til stisykling. Det er begrensa forsking på stisykling og verdiskaping i ein nordisk kontekst. Vi valte dermed å nytte oss av den kvalitative metoden. Vi brukte individuelle intervju som hovudmetode for å gå i djupna, der vi intervjua fire stisyklistar og tre bedrifter knytt til reiselivet. Grunnen til dette er fleire. For det fyrste kan begge sider vere med på å bidra med ulike synspunkt om korleis ein kan legge til rette for å auke verdiskaping. Vi intervjua stisyklistane for å finne ut kva dei føretrekker og kva fasilitetar dei ser etter på ein destinasjon. Bedriftene vart på den andre sida intervjua for å finne ut kva kunnskap dei hadde om stisyklistar, og kva fasilitetar dei har tilgjengeleg som kan brukast i tilknyting til stisykling. I tillegg har vi supplert med sekundærdata som vi reflekterer og drøftar opp mot våre funn. Gjennom undersøkinga ser vi at reiselivsnæringa har ønskje om å satse på stisykling, men det viser seg at dei treng meir kunnskap om stisyklistar for å kunne auke verdiskapinga rundt stisykling. Stisyklistane som vi intervjua viste til at mykje av det som dei etterspør er allereie på plass i Sogndal, men at ingen signaliserar at dei er sykkelvenlege overnattingsstadar. Om bedriftene klarar å marknadsføre dei tilboda stisyklistar etterspør, vil dette vere med på å auke verdi. Ein annan måte å auke verdiskapinga rundt aktiviteten på, er gjennom samarbeid om ulike pakkeløysingar. I samanheng med dette vil ein heilpakke vere løysinga på å senke terskelen, tene på aktiviteten og tiltrekke fleire potensielle kundar. Arrangement er og ein måte å marknadsføre stisykling og tiltrekke seg fleire, dette vil og skape positive ringverknadar for Sogndal.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectstisyklingnb_NO
dc.titleStisykling i Sogndal: Ein studie om korleis reiselivet i Sogndal kan auke verdiskaping rundt stisyklingnb_NO
dc.title.alternativeTrail-biking in Sogndal: How can the travel industry in Sogndal create added value from trail-bikingnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber58nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel