dc.description.abstract | I denne bacheloroppgåva tek vi føre oss stisykling. Stisykling har vakse seg til ein attraktiv aktivitet som reiselivet kan bruke som utgangspunkt for å auke verdiskaping. På Kaupanger i Sogndal kommune viser området allereie til popularitet og antal stisyklistar veks. Basert på denne veksten har Kaupangerskogen potensiale for utvikling rundt aktiviteten og for å skape verdi for reiselivet og lokalsamfunnet rundt Sogndal. Verdien stisykling kan skape er å trekke fleire turistar, skape jobbmogelegheiter, auke kjennskap til ein destinasjon, og ikkje minst gje ein økonomisk gevinst for både reiselivet og overrislingsnæringane. Problemstillinga vil gje svar på kva reiselivet i Sogndal kan gjere for å auke verdiskaping knytt til stisykling.
Det er begrensa forsking på stisykling og verdiskaping i ein nordisk kontekst. Vi valte dermed å nytte oss av den kvalitative metoden. Vi brukte individuelle intervju som hovudmetode for å gå i djupna, der vi intervjua fire stisyklistar og tre bedrifter knytt til reiselivet. Grunnen til dette er fleire. For det fyrste kan begge sider vere med på å bidra med ulike synspunkt om korleis ein kan legge til rette for å auke verdiskaping. Vi intervjua stisyklistane for å finne ut kva dei føretrekker og kva fasilitetar dei ser etter på ein destinasjon. Bedriftene vart på den andre sida intervjua for å finne ut kva kunnskap dei hadde om stisyklistar, og kva fasilitetar dei har tilgjengeleg som kan brukast i tilknyting til stisykling. I tillegg har vi supplert med sekundærdata som vi reflekterer og drøftar opp mot våre funn.
Gjennom undersøkinga ser vi at reiselivsnæringa har ønskje om å satse på stisykling, men det viser seg at dei treng meir kunnskap om stisyklistar for å kunne auke verdiskapinga rundt stisykling. Stisyklistane som vi intervjua viste til at mykje av det som dei etterspør er allereie på plass i Sogndal, men at ingen signaliserar at dei er sykkelvenlege overnattingsstadar. Om bedriftene klarar å marknadsføre dei tilboda stisyklistar etterspør, vil dette vere med på å auke verdi. Ein annan måte å auke verdiskapinga rundt aktiviteten på, er gjennom samarbeid om ulike pakkeløysingar. I samanheng med dette vil ein heilpakke vere løysinga på å senke terskelen, tene på aktiviteten og tiltrekke fleire potensielle kundar. Arrangement er og ein måte å marknadsføre stisykling og tiltrekke seg fleire, dette vil og skape positive ringverknadar for Sogndal. | nb_NO |