Dygdsetikk i møte med etiske dilemma i den kliniske kvardagen
Peer reviewed, Journal article
Published version

View/ Open
Date
2021Metadata
Show full item recordCollections
- Import fra CRIStin [3817]
- Institutt for helse- og omsorgsvitskap [2920]
Original version
Korsvoll, A. G., & Thorkildsen, K. M. (2021). Dygdsetikk i møte med etiske dilemma i den kliniske kvardagen. Nordisk tidsskrift for helseforskning, 17(1), 1-18. 10.7557/14.5448Abstract
Omsorgsutøvarar møter dagleg etiske dilemma, og ei innebygd handlingsforventning fører ofte til at ein må ta val basert på personleg intuisjon meir enn systematisk refleksjon. Hensikten med artikkelen er å sjå kva dygder som hjelper og styrker omsorgsutøvaren i møte med etiske dilemma i den kliniske kvardagen. Det vart gjennomført eitt fokusgruppeintervju med seks omsorgsutøvarar frå ulike avdelingar i ein sjukeheim, og data vart analysert i trå med den fenomenologisk-hermeneutiske metoden til Lindseth og Norberg. Dygder, eller fråver av desse, kjem fram i følgjande tema å sjå situasjonen i ein større heilskap, å vekse i lag med andre, å vekse i seg sjølv, å kjenne seg åleine og å søke noko anna. Dygda fronesis, der bevisstgjort og tilegna kunnskap og erfaring vert aktualisert i den enkelte situasjon, kan hjelpe omsorgsutøvaren til å stå styrka i møte med etiske dilemma i den kliniske kvardagen.