Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAakre, Trine Valstad
dc.date.accessioned2015-03-31T13:18:45Z
dc.date.available2015-03-31T13:18:45Z
dc.date.issued2015-03-31
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/280765
dc.description.abstractBakgrunn for val av tema: Frå praksis har eg møtt pasientar med ryggmargsskade av ulik grad, men møte med ein ung gut med tetraplegia var spesielt. Slike skadar har det vore mindre fokus på i sjukepleieutdanninga mi. Eg vart då svært usikker i møtet med denne pasienten, og lagde meg eit ynskje om å få større forståing rundt temaet og opparbeide meg kunnskap om tilstanda deira og korleis ein sjukepleiar kan hjelpe med å auke livskvaliteten deira. Problemstilling: «Kva inneber livskvalitet for pasientar med tetraplegia etter ryggmargsskade, og korleis kan ein utøve sjukepleie for at pasienten skal fremja si livskvalitet?» Oppgåvas hensikt: Hensikta bak oppgåva er å få kunnskap rundt livskvalitet og tetraplegia, og finne dei viktige faktorane som kan hjelpe ein sjukepleiar i møtet med slike pasientar, og korleis sjukepleiaren kan bidra til å fremje opplevinga av god livskvalitet. Metode: Denne studia brukar systematisk litteraturstudie som metode. Det vart brukt fleire søkjemotorar for å finne artiklar, men dei mest relevante artiklane såg ut til å være på CINAHL, dermed er alle artiklane henta derfrå. Søkeorda som vart brukt var «quality of life», «tetraplegia», «spinal cord injury», «hope», «nursing», «nursing care», «nursing interventions» og «Norway». Det er frå desse søkjeorda eg fant fram til dei fire mest relevante artiklane som vart inkludert i denne oppgåva. Resultat: Det er tydleg at ei ryggmargsskade har mange psykiske konsekvensar. Dei får ein ny kvardag dei skal mestre og forstå, samt lære seg å leve med eit håp om og ein dag få eit godt liv. Innan livskvalitet ser ein at håp, mestring og ei meining bak sjukdommen går igjen. Å basere sjukepleien mest på emosjonelle- og motiverande strategiar ser ut til å være nøkkelen. Oppsummering: Livskvalitet vert presentert som eit av hovudmåla når det gjeld pasientar med kronisk sjukdom. Innanfor ryggmargsskade og tetraplegia ser det også ut til at god livskvalitet har blitt det ultimate målet. Innanfor begrepet livskvalitet er det mange emner. Ofte vert håp, mestring og det å finne ei meining bak sjukdommen trekt fram som viktige punkt for å fremja livskvaliteten. Desse tre punkta heng mykje i lag, håpet fremjar mestring, samt mestring hjelp pasienten i å finne meininga si. Alle punkta fremjar livskvaliteten og arbeidar saman mot dette. Dersom sjukepleiaren tileignar seg nok kunnskap om fremjing av håp, mestringsprosessen og meininga bak sjukdommen, vil dei kunne hjelpe pasienten mot målet om å fremja si livskvalitet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectSykepleienb_NO
dc.titleLivskvalitet hos pasientar med tetraplegia etter ryggmargsskadenb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel