Sjukepleiarutøving til pasientar med hjerteinfarkt
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/280749Utgivelsesdato
2015-03-31Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn for val av tema: Gjennom jobben min som ambulansearbeidar har eg møtt fleire pasientar med hjerteinfarkt. Eg har ei interesse om å få meir kunnskap om korleis sjukepleiarar kan ivareta pasientar i ein slik hending.
Oppgåvas hensikt: Hensikta med denne oppgåva er å auka kunnskapen om korleis sjukepleiarar kan ivareta pasientar med hjerteinfarkt i ein akuttfase. Studien si problemstilling: Kva faktorar er viktig i utøvinga av sjukepleie til pasientar med hjerteinfarkt i akuttfasen på eit akuttmottak?
Metode: Oppgåva er ein systematisk litteraturstudie. Det er blitt utført søk i ulike databasar som CINAHL og SveMed+. Søkeorda som vart brukt for å finne relevante studiar var "myocardial infarction", "acute phase", "hjerteinfarkt" og "informasjon". På bakgrunn av desse søka vart fire artiklar inkludert i studien.
Resultat: Det kom fram i forskingsartiklane at det er eit stort behov for god informasjon og kommunikasjon for pasientar i akuttfasen. Ein felles grunnleggande forutsetning i alle gruppene var at pasientmedvirkning er verdifullt og ønskeleg i pasient- lege / sjukepleiermøte med hjerteinfarktpasientar.
Oppsummering: Faktorane pasientmedvirkning, kommunikasjon og informasjon til pasienten er viktig. Det viser seg at alle faktorane har betyding for korleis pasientane opplevar den akutte fasen. Ved å ha kunnskap omkring desse ulike faktorane vil sjukepleiaren kunne bidra positivt til pasienten si oppleving gjennom eit hjerteinfarkt.