Musikk som terapeutisk verkemiddel i demensomsorga
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/280737Utgivelsesdato
2015-03-31Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn for val av tema: Gjennom praksis ved demensavdeling oppdaga eg effekten musikken hadde på pasientane, den positive og oppkvikkande effekten som skapte glede og tryggleik. Eg fann musikkterapi å vera motiverande og inspirerande, og håpar du vil finne det like relevant og inspirerande som meg.
Problemstilling: Korleis kan sjukepleiar legge til rette for eit terapeutisk miljø på sjukeheim, ved hjelp av musikk?
Føremål med oppgåva: Oppgåvas føremål er å fremje musikk som terapeutisk verkemiddel, i ein slik form at helsepersonell kan utføre det. Gjennom å setje lys på effekten av musikkterapi, og implementering av tiltaket, vonar eg fleire kan ha nytte av musikk på demensavdelingar.
Metode: I denne litteraturstudien vart databasane CINAHL og SveMed+ brukt. Søkeord som vart nytta var «music therapy, dementia, nursing experience, communication, nursing home, dementia care, music, og individualisert musikk». Det vart valt ut fem forskingsartiklar til denne studien.
Resultat: Forsking nytta i denne studien viser positiv effekt av musikkterapi. Musikk hadde ikkje betre verknad enn andre aktivitetar, men samla hadde dei god effekt på uro hos personar med demens. Ved song i morgonstell eller i små grupper gav pasientane uttrykk for velvære, glede og vart meir opne for relasjonar med andre. Personalets holdningar synes også å vera positive, tross liten bruk av musikk i deira pleie. Tid, ressursar, og vanskar med å finne ein aktivitet for alle er faktorar som påverkar bruken av musikkterapi.
Konklusjon: Musikkterapi er eit positivt supplement for å skape eit terapeutisk miljø på sjukeheim for personar med demens. Musikk kan nyttast der pasienten er, og bidra til velvære og glede hos pasienten. Sjukepleiar kan legge til rette for at tiltaket vert nytta bevisst ved å utarbeide ein aktivitetsplan som er tilpassa gruppa, og som skaper rom for å nytte tiltaket.