Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorPettersen, Marny Alice Solhaug
dc.date.accessioned2021-10-13T08:56:16Z
dc.date.available2021-10-13T08:56:16Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2789554
dc.descriptionMaster i kunnskapsbasert praksis, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractKunnskapsbasert praksis har vanskar med å bli godt implementert i sjukepleiefaget. Leiarfokus og kultur for å jobbe kunnskapsbasert har vore særleg trekt fram som viktig for vellykka implementering. Gjennom masteroppgåva vil eg å sette fokus på implementering av kunnskapsbasert praksis på leiarnivå i eige føretak, og utforske korleis ein jobbar med dette på toppleiar og sjukepleieleiarnivå. Metode: Studien har ei kvalitativ tilnærming, og blei gjennomført i eige helseføretak. Individuelle intervju med tre sjukepleieleiarar og eit fokusgruppeintervju med fire toppleiarar blei utført med ein semistrukturert intervjuguide med opne spørsmål. Intervjua vart tatt opp på lydband, transkribert og analysert med Malterud sin metode, systematisk tekstkondensering. Funn: Implementering av kunnskapsbasert praksis er via stor plass i helseføretakets overordna planar, der kompetanse og endringsleiing er presenterte intervensjonar. Sjølv om toppleiinga har tru på at sjukepleieleiarane har ein kunnskapsbasert praksis fortalte sjukepleieleiarane at forsking er lite brukt blant sjukepleiegruppa, at kunnskapsbasert praksis er eit omgrep dei har vanskar med å forstå, og inkludere i eigen sengepost. Dette gapet mellom toppleiinga og sjukepleieleiarar kan tyde på at kunnskapsbasert praksis ikkje er norma for korleis føretaket jobbar systematisk med kvalitetsforbetring. Konklusjon: Toppleiarar og sjukepleieleiarar var positive til kunnskapsbasert praksis, men har ulikt syn på kva det betyr. Kunnskap og kompetanse om kunnskapsbasert praksis er nødvendig for å utvikle ein kultur der kunnskapsbasert praksis er norma for utvikling av helsetenester.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectkunnskapsbasert praksisen_US
dc.subjecttoppleiararen_US
dc.subjectsjukepleiararen_US
dc.subjectsjukepleieleiararen_US
dc.subjectsjukehusen_US
dc.subjectimplementeringen_US
dc.titleEin kvalitativ studie utført i Helse Førde for å kartlegge og sette fokus på kunnskapsbasert praksisen_US
dc.title.alternativeA qualitative study conducted in Helse Førde to map and focus on knowledge-based practiceen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMAKP601en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal