Ein kvalitativ studie utført i Helse Førde for å kartlegge og sette fokus på kunnskapsbasert praksis
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2789554Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Kunnskapsbasert praksis har vanskar med å bli godt implementert i sjukepleiefaget.
Leiarfokus og kultur for å jobbe kunnskapsbasert har vore særleg trekt fram som viktig for vellykka implementering. Gjennom masteroppgåva vil eg å sette fokus på implementering av kunnskapsbasert praksis på leiarnivå i eige føretak, og utforske korleis ein jobbar med dette på toppleiar og sjukepleieleiarnivå.
Metode: Studien har ei kvalitativ tilnærming, og blei gjennomført i eige helseføretak. Individuelle
intervju med tre sjukepleieleiarar og eit fokusgruppeintervju med fire toppleiarar blei utført med ein semistrukturert intervjuguide med opne spørsmål. Intervjua vart tatt opp på lydband, transkribert og analysert med Malterud sin metode, systematisk tekstkondensering.
Funn: Implementering av kunnskapsbasert praksis er via stor plass i helseføretakets overordna planar, der kompetanse og endringsleiing er presenterte intervensjonar. Sjølv om toppleiinga har tru på at sjukepleieleiarane har ein kunnskapsbasert praksis fortalte sjukepleieleiarane at forsking er lite brukt blant sjukepleiegruppa, at kunnskapsbasert praksis er eit omgrep dei har vanskar med å forstå, og inkludere i eigen sengepost. Dette gapet mellom toppleiinga og sjukepleieleiarar kan tyde på at kunnskapsbasert praksis ikkje er norma for korleis føretaket jobbar systematisk med kvalitetsforbetring.
Konklusjon: Toppleiarar og sjukepleieleiarar var positive til kunnskapsbasert praksis, men
har ulikt syn på kva det betyr. Kunnskap og kompetanse om kunnskapsbasert praksis er nødvendig for å utvikle ein kultur der kunnskapsbasert praksis er norma for utvikling av helsetenester.
Beskrivelse
Master i kunnskapsbasert praksis, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen