dc.contributor.author | Andreassen, Lene | |
dc.date.accessioned | 2021-09-01T08:42:48Z | |
dc.date.available | 2021-09-01T08:42:48Z | |
dc.date.issued | 2021 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/2772146 | |
dc.description | Masteroppgave i klinisk sykepleie, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen | en_US |
dc.description.abstract | Dette er ein samfunnsvitskapleg studie om korleis det norske sjukepleiefaget har posisjonert seg til ivaretaking av sjukepleiar. Bakgrunnen for studien er undringa over manglande undervisning om ivaretakingspraktikkar i bachelorutdanning i sjukepleie og under mastergradutdanning i intensivsjukepleie, trass i at det er velkjend at virket som sjukepleiarar generelt og intensivsjukepleiarar spesielt, kan vere belastande. Formålet med studien er å forstå og forklare korleis det kan ha seg at intensivsjukepleieutdanningar ikkje utdannar intensivsjukepleiarane i å ivareta seg sjølve. Studien er basert på ei antaking om at posisjoneringane til dei som skriv lærebøker i intensivsjukepleie er fundert i den praktiske sansen som dei har inkorporert i det sosiale rommet og feltet som dei agerer i. Analysane som er fundert i Bourdieu sin teori om praktisk sans, praxeologisk vitskapsteori og ein praxeologisk analysestrategi, er basert på ein registrantanalyse av norske lærebøker i sjukepleie generelt og intensivsjukepleie spesielt. Fylgjande forskingsspørsmål har strukturert analysane: Korleis posisjonerer forfattarar av lærebøker i sjukepleie seg i forhold til ivaretaking av sjukepleiar? Korleis kan det ha seg at forfattarar av lærebøker i sjukepleie posisjonerer seg som dei gjer i forhold til ivaretaking av sjukepleiar? Korleis kan eit historisk perspektiv på posisjoneringar om ivaretaking av sjukepleiar bidra til å forstå og forklare at eg ikkje har fått undervisning om ivaretaking av sjukepleiar i intensivsjukepleie-studiet?Analysane visar at det generelt har vore lite fokus på ivaretakingspraktikkar i lærebøker i sjukepleie. Men ivaretaking er nemnt. I lærebøker frå 1877-1940 ser det ut for at det er dei rette eigenskapane og det å underordne seg Gud og legen som bidreg til å ivareta sjukepleiar. I perioden 1941-1984 ser det ut for at det er profesjonell ansvarleg sjukepleie med teoretisk skulering, og arbeidervernlova og arbeidsmiljøet som bidreg til å ivareta sjukepleiar. I perioden 1985-2004 vert det forventa at sjukepleiar tek vare på seg sjølv. I læreboka i intensivsjukepleie som har kome ut i ulike versjonar i perioden 2005 – 2020, er
ikkje ivaretaking nemnt. Det kan sjå ut for at lærebokforfattarane av lærebøker i
intensivsjukepleie er blitt så vande med at det er lite fokus på ivaretaking av sjukepleiaren, at dei ikkje kjem på at det kunne vere nyttig for intensivsjukepleiarane å lære korleis ivaretaking av sjukepleiar kan gjerast i intensivavdelingar. Lærebøker har ein dominant posisjon i det pedagogiske feltet, dei er på mange vis doxa-berarar, så det at læreboka i intensivsjukepleie ikkje skriv om ivaretaking av sjukepleiaren kan bidra til å forstå og forklare at eg ikkje har fått undervising om ivaretaking av sjukepleiar i samband med intensivutdanning, verken via lærebøker, førelesingar, arbeidskrav eller eksamenar | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | Høgskulen på Vestlandet | en_US |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.subject | ivaretaking | en_US |
dc.subject | sjukepleie | en_US |
dc.subject | intensivsjukepleie | en_US |
dc.subject | praktikk | en_US |
dc.subject | praxeologi | en_US |
dc.subject | Bourdieu | en_US |
dc.subject | registrantanalyse | en_US |
dc.title | Ivaretaking av sjukepleiaren: Ein praxeologisk studie om korleis lærebøker i sjukepleie har posisjonert seg om ivaretaking av sjukepleiar | en_US |
dc.title.alternative | Care of the nurse: A praxeological study of how nursing textbooks have positioned themselves on care of the nurse | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.description.localcode | MKS591 | en_US |