Å forstå seg sjølv gjennom kroppsleg erfaring: Pasientar og fysioterapeutar sine erfaringar og opplevingar med norsk psykomotorisk fysioterapi ved funksjonelle nevrologiske symptom
Abstract
Bakgrunn: Funksjonelle nevrologiske symptom (FNS) er nevrologiske symptom som ikkje kan forklarast av sjukdom eller skade i nervesystemet, og er ein av lidingane som synleggjer den komplekse heilskapen kroppen er. Psykologiske behandlingstilnærmingar har lenge vore føretrekte, men fokuset på fysikalsk behandling har vorte større. Norsk psykomotorisk fysioterapi er ei behandlingstilnærming basert på eit heilskapleg menneskesyn der ein søker å endre lite føremålstenlege rørslemønster.
Føremål: Føremålet med studien er å utforske erfaringar og opplevingar med norsk psykomotorisk fysioterapi som behandlingstilnærming ved funksjonelle nevrologiske symptom, belyst frå både pasient- og fysioterapeutperspektiv. Studien søker å utdjupe kva norsk psykomotorisk fysioterapi kan tilføre pasientar med funksjonelle nevrologiske symptom: Kva terapeutane erfarer dei kan bidra med, og korleis pasientane opplever behandlinga, og kva dei får ut av behandlinga.
Metode: Studien er ei kvalitativ intervjustudie forankra i fenomenologisk og hermeneutisk forståingsramme. Semistrukturert individualintervju av to pasientar og ein fysioterapeut, samt fokusgruppeintervju av seks fysioterapeutar vert nytta for samle inn datamateriale. For å analysere datamaterialet nytter eg systematisk tekstkondensering. Teori om norsk psykomotorisk fysioterapi, kroppsfenomenologi og relasjonsteori belyser funna.
Resultat: Resultatkategoriane heilskapleg menneskesyn, trygg grunn for utforsking og kontakt med seg sjølv gjennom kroppsleg utforsking trer fram som hovudtema i resultatet. Dei er samanvevd og påverkar einannan gjennom heile behandlingsprosessen.
Konklusjon: Terapeutane erfarer at gjennom å sjå heile mennesket, skape ein trygg grunn gjennom fellesskap og hjelpe pasienten å få kontakt med seg sjølv gjennom nye kroppslege erfaringar, kan pasientane få auka innsikt i sin situasjon og forståing av seg sjølv. Pasientane opplevde å verte møtt, sett og forstått i behandlinga. Dei fekk auka kontakt med seg sjølv, ny forståing av samanhengar og kan i større grad lytte til kroppslege signal i kvardagen.
Description
Masteroppgave i klinisk fysioterapi, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen