Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAuro, Anja
dc.contributor.authorKvammen, Reidun
dc.date.accessioned2021-08-31T12:14:03Z
dc.date.available2021-08-31T12:14:03Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2771986
dc.descriptionMasteroppgave i klinisk sykepleie, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractTema for denne studien er sedasjon og smertelindring av barn som skal gjennomføre smertefulle og potensielt sett skremmande prosedyrer. Tidlegare forsking viser at opp til 75% av alle barn som skal til undersøking på sjukehus opplev redsel og angst. Dette kan kome av barn si manglande evne til å uttrykke behova sine verbalt. Det kan til dømes vere vanskeleg å fortelle om dei er redde eller opplev smerter. Denne redselen hos barn kan føre til alvorlege konsekvensar, som kan følgje dei heilt opp i vaksen alder. Problemstilling: «Kva er anestesipersonell si erfaring kring sedasjon og smertelindring til barn som skal gjennomføre smertefulle og potensielt sett skremmande prosedyrer?» Formål Formålet med studien er å auke kunnskapen vår kring handtering av redde barn som skal gjennomføre smertefulle og potensielt sett skremmande prosedyrer på sjukehus, med hovudvekt på sedasjon og smertelindring. Metode: I denne studien har vi valt kvalitativ metode med semistrukturerte individuelle intervju av både anestesisjukepleiarar og anestesilegar. I analysen har vi brukt Malterud sin metode for systematisk tekstkondensering. Studien er delvis inspirert av fenomenologien. Vi har ikkje lagt stor vekt på filosofisk tilnærming, men nytta det som eit verktøy for å reflektere over kva slags kunnskap vi ynskjer å utvikle gjennom studien vår. Resultat: Funna i studien er at anestesipersonalet har varierande erfaring kring handtering av engstelege barn som skal gjennomføre smertefulle og potensielt sett skremmande prosedyrer. Det var fire hovudtema som utpeika seg i denne studien: «Tilrettelegging for barna» som tar for seg møte med barnet og at barn sitt behov for sedasjon vert oversett, «Sedasjon til barn er komplekst, med tryggleik som høgste prioritet» som tar for seg utfordringar med sedasjon av barn og sedasjon på utsida av operasjonsavdelinga, «Stramt operasjonsprogram og lite barnevenleg miljø» som tar for seg endring av operasjonsprogrammet for barn sitt beste og førebuing og MKS591 Kandidatnr 424 & 434 26.05.2021 ivaretaking av barnet, «Å spele kvarandre gode» som tar for seg samarbeid mellom foreldre og anestesipersonell. Konklusjon: Fleire av dei redde barna kunne med fordel fått sedasjon preanestetisk, men grunna høg arbeidsbelastning kunne enkelte barn sitt behov for sedasjon verte oversett. Barn kan ha ei manglande evne til å uttrykke behova sine verbalt, og då var eit godt samarbeid med foreldra avgjerande for om ein klarte å legge til rette for det enkelte barnet. Tid, økonomi, fasteregime og erfaringar kunne vere medverkande faktorar for om barn fekk sedasjon.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectanestesisjukepleiaren_US
dc.subjectbarnen_US
dc.subjectsedasjonen_US
dc.subjectsmerteren_US
dc.subjecterfaringen_US
dc.title«Barn - tek vi dei på alvor?»en_US
dc.title.alternative«Children – do we take them seriously?»en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMKS591en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal