Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHatlelid, Anne Margrete
dc.date.accessioned2021-08-27T12:05:13Z
dc.date.available2021-08-27T12:05:13Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2771582
dc.descriptionMasteroppgave i organisasjon og ledelse, Høgskulen på Vestlandeten_US
dc.description.abstractTema i dette forskingsprosjektet er barn som bur på asylmottak, og deira moglegheit til å gå i ordinære barnehagar medan dei bur der. Straumen av asylsøkjarar til Noreg har dei siste 12 åra vore svært varierande, og nye vertskommunar for asylmottak har på kort tid måtta teke på seg fleire og ukjende oppgåver. Vaksne asylsøkjarar får tilbod om norskopplæring, medan barn i skulepliktig alder har krav på grunnskuleopplæring. Barn under skulepliktig alder har ikkje krav på anna enn minimum tre timar dagleg i ein barnebase på asylmottaket. Sidan 2010 har det eksistert ei tilskotsordning for 4-5 åringar som bur i mottak, der UDI betalar for barnehageplass. I 2020 vart det vedteke ei utviding av tilbodet til å inkludere asylbarn frå eit år og oppover. Den politiske debatten har samtidig drøfta kor vidt denne barnegruppa skal ha ei lovfesta rett til å gå i barnehage eller ikkje. Undersøkingar syner at dei mottakstilsette meiner barnebase ikkje er eit kvalitativt godt nok tilbod til barna som bur på asylmottaket. Mangel på økonomiske ressursar gjer at ein ikkje klarar å få like gode bemanningsvilkår som i barnehage, samt at dei strukturelle tilhøva gjer det vanskeleg å skape kontinuitet, tryggleik eller føreseielege råme for verken barna eller foreldra på asylmottaket. Funn tyder på at dei aller fleste barn som bur på asylmottak i dag får eit tilbod i ordinær barnehage. Studien utforskar difor kva som kan verke inn på dette tilbodet. Problemstillinga som er utforma i dette forskingsprosjektet er: «Korleis vert overordna politiske vedtak i høve barnehagetilbod for barn i asylmottak tolka og implementert i lokal kontekst?» Forskingsprosjektet føl eit kvalitativt forskingsdesign, der eg intervjuar ti deltakarar med ulike roller knytt til politikk, vertskommuneadministrasjon, barnehage og asylmottak. Forskingsprosjektet er eit komparativt casestudie, der eg samanliknar utfordringar mellom tre små og ein stor vertskommune. Dei små vertskommunane har under 10 000 innbyggjarar, medan den store har over 50 000. I studien vert det gjennomført deskriptive analysar og drøftingar ved hjelp av institusjonell teori, samt implementeringsteori. Hovudfunna i studien syner at små- og store vertskommunar står framføre ulike demografiske utfordringar. Fråflytting og låge fødselstal skapar rom for asylbarna i barnehagen på mindre stader. Vertskommunar opplev her at asylbarn bidreg til å halde barnehagar opne. Dei små vertskommunane er meir sårbare for svingande variasjonar i barnetal ved mottaka, då dei har 4 færre barnehagar å spele på. Større vertskommunar har moglegheit til å fordele asylbarna på fleire barnehagar med ledig kapasitet. Funn tyder på at vertskommunane si økonomiske situasjon spelar ei viktig rolle for kva tilbod dei kan gi, trass i den statlege stønadsordninga. Politikarane fryktar ei økonomisk nedgangstid, særskilt som konsekvens av Covid-19-pandemien, som vil verke inn på kommunane si handlingsfriheit. Mykje tydar på at det vil verte politiske diskusjon kring asylbarna sitt barnehagetilbod i vertskommunane, dersom dei står i fare for å måtte skjere ned på sine budsjett. For å gi endå meir presise svar på kva som fremjar og hemmar eit barnehagetilbod for asylbarn, krevst det ytterlegare forsking på tema. Mitt forskingsprosjekt søkjer difor å belyse sentrale faktorar som kan verke inn på desse mekanismane.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectorganisasjonen_US
dc.subjectledelseen_US
dc.subjectbarnehagetilbuden_US
dc.subjectasylmottaken_US
dc.titleDu får bli med, du får bli med, men ikkje du… : Ei kvalitativ analyse av politiske og administrative prosessar knytt til barn i norske asylmottak sitt barnehagetilboden_US
dc.title.alternativeYou can join, you can join, but not you… : A qualitative analysis of political and administrative processes linked to kindergarten offer for children in Norwegian asylum reception centersen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal