Korleis omtalar leiarar sine erfaringar med vellukka omstillings/endringsprosessar, og kva for faktorar vektlegg dei som sentrale for resultatet
Abstract
Studien har hatt som føremål å sette søkelys på kva leiarar tenkjer, handlar samt reflekterer kring endring og endringsprosessar. Det har vore viktig å få dei til å fortelje breitt om kva tankar dei har om endring, og om kva erfaringar dei har gjort seg med slikt arbeid. Vidare kva faktorar som gjer at dei kan ta viktige grep i vegen mot ei vellukka endring. Studien er i utgangspunktet tenkt å skulle gje eit bilete over det særeigne for leiarar i offentleg sektor kring vellukka endring, og kva faktorar dei vektlegg. For å få eit samanlikningsgrunnlag har eg også valt å intervju leiarar i privat sektor. I utvalet har eg informantar frå industri og tenesteytande verksemder, samt menn og kvinner. Det er nytta kvalitativ metode i form av semi-strukturelle intervju. Det er intervjua 8 leiarar frå private og offentleg sektor. 4 menn og 4 kvinner. Eit av hovudfunna i studien var kor sterkt leiarane vurderer verdien av ein god plan og klare mål. Eit anna viktig funn var involvering. Det er særs viktig å nytta tid til å involvera og kommunisera til dei tilsette slik at dei tilsette forstår endringa, og kva dette vil bety for dei. Vidare finn vi at tillitsvalte og verneombod, samt det leiarane kallar «positive tilsette» blir rekna som nøkkelpersonar i endringsarbeid. Det er tydeleg i studien at planar for endringar blir innført som Top – Down endringar. Funna syner at på tross av ein klar plan om endring frå toppen av verksemda, nyttar leiarane ein human iverksetjing av omstilling/endring.
Description
Masteroppgave i organisasjon og ledelse, Høgskulen på Vestlandet