Læringsnettverk – Ein arena for samhandling: Ein kvalitativ studie av læringsnettverks som koordineringsverktøy i helsetenestene i kommunen og spesialisthelsetenesta
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2771574Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Samhandlingsreforma viser til at betre samhandling bør vera eit av helse- og omsorgstenestene sine viktegaste området framover. Kommunar og spesialisthelse skal leggja til rette for, og utvikla ei felles forståing for kva som er gode pasientforløp.
Formålet med studien å studere om læringsnettverk kan vera ein arena og eit koordinerande verktøy for samhandling. Eg har tru på at det å samhandla er å vera dyktige saman med andre, ein relasjonell ferdigheit som gir ein langt større effekt enn å vera god aleine. Metoden eg har nytta er ei kvalitativ undersøking der eg intervjua ni deltakarar i kommunar og spesialisthelsetenesta, som alle har deltatt i det regionale læringsnettverket for gode pasientforløp. Eg har nytta fem tematiserte forskingsspørsmål i analysen av funna. Tema eg har nytta i studiet er; organisering, samhandling, likeverd, forankring og hemmande og fremjande faktorar for samarbeidet. Resultatet av studien viser at det er mange faktorar som påverkar samhandlinga. Læringsnettverk for gode pasientforløp kan vera ein arena og eit koordineringsverktøy for å utvikla gode metodar og vertkøy for samhandling mellom kommune og spesialisthelsetenesta. Viktige funn i mitt studie er at det må vera ei oppleving av likeverd mellom partane for at ei god samhandling skal finne stad. Ein må i mykje større grad ha fokus på å forankre og implementere arbeidet i heile organisasjonen om læringsnettverket skal føra til varige endringar
Beskrivelse
Masteroppgave i organisasjon og ledelse, Høgskulen på Vestlandet