Den robuste organisasjonen: Ein kvalitativ studie om organisering av AMK-sentralar
Abstract
Terroråtaka som ramma Norge 22.juli 2011 sette mellom anna kapasiteten ved naudmeldesentralane våre på prøve. Fleire som ringte medisinsk naudtelefon 113 under hendingane opplevde å ikkje få svar. Hendingane denne dagen har gjort at miljøa har vorte utfordra på korleis ein kan ruste seg for å vere i stand til å handtere ein liknande situasjon i framtida. Mellom anna har 22.juli-kommisjonen peika på at politiet bør få færre og meir robuste einingar, og det same har helsevesenet sine AMK-sentralar møtt som argument. AMK-miljøet i Helse Vest har meint at ei organisering i færre og større einingar kanskje gjer oss meir sårbare, og har kome opp med ideen om ein virtuell AMK-sentral i Vest. Helse Sør-Øst har valt å samle til færre og større einingar. Begge helseregionane argumenterer for at deira løysing gjev meir robuste tenester. Kan begge ha rett? Denne studien har forsøkt å finne ut korleis aktørane forklarer likskap og skilnad i val av løysing, kva dei legg i omgrepet «robust» og om teorien «høgpåliteleg organisasjon» betre fangar dei utfordringane aktørane prøver å fange gjennom omgrepet «robust».
Description
Masteroppgave i organisasjon og ledelse, Høgskulen på Vestlandet