Vilkår for fleirspråklegheit i norskfaget – Ein analyse av læreplanar og lærebøker med fokus på fleirspråklege kompetansemål
Peer reviewed, Journal article
Published version

View/ Open
Date
2021Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Vikøy, A. (2021). Vilkår for fleirspråklegheit i norskfaget – Ein analyse av læreplanar og lærebøker med fokus på fleirspråklege kompetansemål. Acta Didactica Norden, 15(1). 10.5617/adno.8678Abstract
Artikkelen fokuserer på korleis fleirspråklegheit trer fram i læreplan- og lærebokdiskursar knytt til norskfaget. Korleis tematiserer lærebøkene fleirspråklegheit ut frå dei føringane læreplanen gir forfattarane, og er diskursen mynta på alle elevar? I eit kritisk diskursanalytisk perspektiv er det sentrale å sjå korleis ideologiske forhold vert reproduserte gjennom språk, og korleis makt skjuler seg i det usagte. Dersom fleirspråklegheit ikkje vert verdsett og anerkjent som ein ressurs for alle elevar i lærebokdiskursen, vil det vera eit utilsikta utfall som kan verka ekskluderande på nokre elevar. Analysen viser at det føreligg diskursar som kan verka ekskluderande i lærebøkene. Dette vert halde fram som døme på at det finst ein «skjult» læreplan når det gjeld handsaminga av fleirspråklegheit og fleirspråklege elevar i dagens norskfag. Manglande definisjon av nøkkelomgrepet «fleirspråklegheit» er ei hovudforklaring, men også at eit problemorientert og einspråkleg syn på fleirspråklegheit er rådande i norskfaget. Som andre læreverkanalysar konkluderer med, viser også denne studien at fleirspråklegheit er presentert som spesialtilfelle og ikkje som ein normalsituasjon (Loftsdóttir, 2009; Marx, 2014; Andersson-Bakken & Bakken, 2017; Niehaus, 2018; Kulbrandstad, 2020). Alt i alt er det fortsatt lite diskusjon og merksemd rundt lærebøkenes innhald og den rolla dei spelar som formidlarar av det som vert oppfatta som nasjonale verdiar og normer (Røthing, 2015b).