Show simple item record

dc.contributor.authorUllensvang, Irene
dc.date.accessioned2020-08-25T07:48:52Z
dc.date.available2020-08-25T07:48:52Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2673784
dc.descriptionMasterstudium i organisasjon og leiing, helse– og velferdsleiing og utdanningsleiing Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskap Innleveringsdato: 12. juni 2020en_US
dc.description.abstractTema for denne kvalitative studien er tilsyn med barnehagar. Staten har pålagt kommunar ansvaret for å føre tilsyn med barnehagar. Måten tilsyn er organisert på i den norske barnehagesektoren har blitt skildra som ein anomali. Det utypiske ved forvaltningsmodellen som vert brukt i barnehagetilsyn er at eigar- og kontrollørfunksjon er integrert. Konkret betyr dette at kommunar som eig og driv omtrent halvparten av barnehagane i Norge, samtidig står ansvarleg for å føre tilsyn med andre barnehageeigarar. For å opparbeida kunnskap om korleis kommunar handterer rolla som barnehagemyndigheit og korleis barnehagar opplever tilsyn, har eg i denne studien gjennomført intervju med representantar for barnehagemyndigheita og styrarar i kommunale og private barnehagar i tre kommunar. Funn i studien syner at det er gjennomført tilsyn i alle desse barnehagane løpet av dei fem siste åra, men at det ikkje er lagt risikovurderingar til grunn for val av barnehage det skal førast tilsyn med. Informantane frå barnehagane opplever ikkje tilsyn som ein læringsarena, men som positive møte med barnehagemyndigheita. Samtidig etterlyser dei tydelegare føringar og rammer for tilsyn. Studien syner at lovlegheitskontroll er det mest sentrale element ved gjennomføring av tilsyn med barnehagar, og det verkar som om det herskar eit uformelt og gjensidig ønske om harmoni i måten tilsyn vert gjennomført på. Vidare syner funn frå studien at tilsyn med barnehagar ser ut til å bli ført «bak lukka dører», og det varierer mellom barnehagane kva dei nytter tilsynsrapportane til. Både barnehagane og barnehagemyndigheita meiner å sjå at det er motparten som lærer mest av tilsyn. Funn i denne studien vert forstått og diskutert ved hjelp av teori om tilsyn, tilsynsroller, læring og kvalitet.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleTilsyn med barnehagaren_US
dc.title.alternativeSupervision of kindergartensen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber119en_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal