Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSørbotten, Elin- Therese
dc.date.accessioned2020-08-20T10:48:23Z
dc.date.available2020-08-20T10:48:23Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2673179
dc.description.abstractNoreg har på lik linje med andre Nordiske land store etterkrigskull. Dette har ført til ei utfordring med aukande tal eldre på same tid som fødselstala går nedover. Dette krev nytenking og endra organisering av helse og velferdstenestene i åra framover. Samhandlingsreforma (2012) var ei av dei store retningsreformene som vart lansert for å starte arbeidet med nye, betre og meir koordinerte arbeidsmetodar. Ein ser same trenden i andre Nordiske land som også har gjort endringar i si tenesteyting som følgje av endringar i demografi. I denne studien samanliknar eg Noreg med dei andre Nordiske landa. Sidan innføringa av reforma har det komme fleire retningsgjevande styringsdokument som skal sikre at kommunale og statlege helsetenester arbeidar saman for å nytte ressursane på best mogleg måte. Denne studien vil sjå på korleis to kommunar i Vestland fylke har arbeidd for å møte føringane i samhandlingsreforma og korleis dei møter kravet om å ta imot utskrivingsklare pasientar første dag. Studien er gjennomført som ein samanliknande studie, der kommunane er tilnærma like i demografi, folketal og storleik, samt at funna frå norsk kontekst samanliknast med funn frå dei Nordiske landa. Det som skil kommunane er i kva grad dei tek i mot sine utskrivingsklare pasientar fyrste dag. Det er gjennomført fem semistrukturerte intervju frå ulike administrative nivå i dei to kommunane. Desse er analysert gjennom ei kombinert temasentrert og personsentrert analytisk tilnærming, og deretter drøfta i lys av teoriane institusjonell teori, endringsteori og «accountability». Studien syner at dei to kommunane opplev ulik grad av politisk involvering kring organisering av tenestene. Til tross for at kommunane er nær like i organisering, demografi og storleik har dei valt heilt ulike løysingar for å nå målsettingane i reforma. Kommunane møter kravet om å ta imot utskrivingklare pasientar første dag på ulikt vis. Dei har ulik praksis kring tildeling av omsorgsnivå, og empirien syner ei fragmentering av pasientforløpa i dei to kommunane. Den største skilnaden mellom Noreg og dei andre Nordiske landa, er samhandlinga med spesialisthelsetenesta kring dei sjukaste eldre. Der ein i Noreg kan sjå regide system med insentiv og døgnmulkter frå fyrste utskrivingsklare døgn, har fleire andre land lagt opp til eit tettare samarbeid og dialog kring pasientforløpa.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskap.en_US
dc.titleSamhandlingsreforma, koordinert eller stykkevis og delt? Ein casestudie om ivaretaking av utskrivingsklare pasientar frå spesialisthelsetenesta til kommunal sektoren_US
dc.title.alternativeCollaboration reform coordinated or separate and divided? A case study on taking care of discharge-ready patients from specialist health services to the municipal sectoren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200en_US
dc.source.pagenumber100en_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel