Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFolgerø-Holm, Jorunn Jacobsen
dc.date.accessioned2020-08-20T10:22:23Z
dc.date.available2020-08-20T10:22:23Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2673169
dc.description.abstractBakgrunn og føremål: Det er i fleire statlege dokument meldt om behov for endringar i kommunal helse og omsorgssektor. For å løysa framtidas utfordringar må kommunane mellom anna utforska nye moglegheiter gjennom tettare samarbeid med eksterne aktørar. Kommunane er politisk styrte og helse og omsorgssektoren er samansett av ulike einingar og faggrupper. Utforming av framtidige tenester må skje på mange arena. Til å styra utvikling og tenesteproduksjon er toppleiarane sentrale. Denne studien har sett nærmare på korleis toppleiarrolla i kommunal helse og omsorgssektor blir forstått og handtert. Metode: Studien har eit kvalitativt design. Data er samla inn frå samtaleintervju med seks toppleiarar. Resultat og konklusjon: Funn i studien viser at leiarane internt i organisasjonen ser ut til å ha høgt fokus på ei leiarstøttande og ei ressursfordelande rolle. Leiarane brukar òg mykje tid på kontakt med politisk nivå og ulike eksterne samarbeidsaktørar. Å gje informasjon og følgje med på endringar på desse arenaene blir prioritert. Studien viser òg at leiarane har høgt fokus på behovet for endring, og det er prøvd ut ulik ekstern samhandling. Det blir likevel stilt spørsmål ved om samhandling med eksterne og nytenking generelt burde vore prioritert høgare om ein skal få berekraftige tenester framover. Utfordringar ved gjennomføring av endringar er òg tema i studien. Funn indikerer at leirane er inneforstått med at leiarrolla er kompleks og at ein som leiar må jobba på ulike arena. Leiarrolla i kommunal sektor er i tillegg spesiell ved at den må utøvast innanfor dei rammene lokalpolitikarane set, utfordringar knytt til samspelet med politisk nivå kjem tydeleg fram i studien. Leiars handlingsrom er òg tema i oppgåva. Sentrale funn her er at sjølv om leiarrolla har mange krav og avgrensingar, opplever leiarane likevel å ha stort handlingsrom. Dei kjenner òg på ansvaret for å utvida det. Dette er ein kontinuerleg jobb som krev mot, tid og energi.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskap.en_US
dc.subjectKommune,en_US
dc.subjecthelse og omsorgssektor,en_US
dc.subjectleiarroller,en_US
dc.subjecttoppleiarrolla,en_US
dc.subjectsamstyring,en_US
dc.subjectsamskaping,en_US
dc.subjectendringsleiing,en_US
dc.subjectinstitusjonelle logikkar,en_US
dc.subjecthandlingsromen_US
dc.titleToppleiarrolla i kommunal helse- og omsorgssektor anno 2020 Ein kvalitativ studie frå intervju med seks toppleiararen_US
dc.title.alternativeThe Top Leadership Role in Municipal Health- and Care Services by 2020 A Qualitative Study Based on Interviews with six Top Leadersen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200en_US
dc.source.pagenumber98en_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel