La oss snakke om barn som pårørande
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2671841Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Tittel: La oss snakke om barn som pårørande
Problemstilling: Korleis ivareta barn som pårørande til foreldre ramma av kreft
Bakgrunn for val av tema: Interessa for temaet barn som pårørande har alltid vore gjeldande i praksisane eg har gjennomført. Dette fordi mangel på ivaretaking av barn som pårørande er gjennomgåande i både kommune- og spesialisthelsetenesta. Eg ønskte å få klarlagt kva plikt sjukepleiar har ovanfor barn som pårørande, samt innhente kunnskap om forskingsbaserte tiltak som kan ha en effekt for barn og ungdom som pårørande.
Metode: Denne oppgåva er ei litterær oppgåve. En litterær oppgåve går ut på at ein innhente allereie eksisterande forsking, fagkunnskap og teori (Dalland, 2017, s. 207). Vidare vert det vektlagt a
litteraturen ein har bestemt seg for å finne påverkar kva data ein leitar etter.
Funn: Det er anvendt både kvalitative og kvantitative forskingsartiklar i denne oppgåva. Dette for å belyse fleire aspekt av spesialisthelsetenesta, forsking knytt til helsepersonells erfaringar med barn som pårørande, foreldres erfaringar med eigne barn som pårørande, kva som kan skje dersom barn som pårørande ikkje blir ivaretatt og forskingsbaserte tiltak som kan hjelpe å ivareta barn som pårørande.
Konklusjon: For at sjukepleiar skal kunne ivareta barn som pårørande i spesialisthelsetenesta må ein ha kunnskap om generell kommunikasjon og relasjonsbygging, samt inneha kunnskap om kommunikasjon retta mot barn og ungdom. Ein må også ha kjennskap til verktøy og hjelpemiddel som kan hjelpe ungdommen i å hjelpe seg sjølv.