Kommunikasjon saman med personar som har demens.
Abstract
Tittel: Kommunikasjon saman med personar som har demens.
Bakgrunn for val av tema: Eg har fokusert på kommunikasjon med personar som har demens og gått inn på kva faktorar, metodar og strategiar som kan bidra til å oppnå kommunikasjon med den enkelte. Eg har møtt mange brukarar/pasientar som har demens i løpet av studieløpet mitt, både i praksis og i jobb. Det er ein sjukdom som mange eldre har, og som sjukepleiar vil eg møte dei med kunnskap. Eg har også nær familie som har demens, og har personleg erfaring. Det er også ein stor grunn til at eg valde å fordjupe meg i kommunikasjon innan demens.
Problemstilling: Korleis kommunisere med personar som har demens?
Metode: Bacheloroppgåva mi er ein litteraturstudie. Eg har brukt forsking frå databasar som Cinahl, SveMed, Medline og Eric. Søkjeord som er nytta er «dementia», «communication», «communication strategies» og «personcentered care». Seks forskingsartiklar er presentert og drøfta i oppgåva.
Funn og konklusjon: Eg har auka kunnskapen min om kommunikasjon til personar med demens. Forsking og litteratur viser at kommunikasjonsmetodar og strategiar er gode hjelpemiddel for å oppnå kommunikasjon med personar med demens. Kommunikasjonen må tilpassast den enkelte, ut ifrå den enkelte sine behov og kognitive ferdigheitar. Det er viktig å tolke det personar med demens uttrykkjer, både verbalt og nonverbalt. For å skape kommunikasjon må ein ha kunnskap om sjukdommen, personen bak sjukdommen og kommunikasjonsstrategiar/metodar som er tilpassa personar med demens.