Tjukke barn leikar best?
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2671078Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Tittel: Tjukke barn leikar best?
Bakgrunn for val av tema: Overvekt og fedme blant barn og unge er ei av dei største helseutfordringane vi har i dagens samfunn. Uansett alder vil sjansen for å utvikle diabetes type 2 auke ved overvekt og fedme. Ved å gå tidleg inn med førebyggande tiltak i barnealder kan ein fremje sunn vektutvikling og redusere talet diabetespasientar i framtida.
Problemstilling: «Korleis kan sjukepleiaren førebygge diabetes type 2 hjå barn med overvekt og fedme?»
Metode: Oppgåva er skriven med utgangspunkt i ei litteraturstudie som består av faglitteratur og forskning. Vi har nytta høgskulebiblioteket og databasar for å finne relevant forskning og faglitteratur. Vidare har vi kritisk vurdert litteraturen og forskninga, og nytta dette til å drøfte problemstillinga vår.
Resultat: Funna viser at førebygging av diabetes type 2 bør starte i ung alder før usunne vanar er innarbeida. Det vil vere viktig at heile familien er involvert, men at foreldra tek styringa. I arbeidet kan sjukepleiaren nytte metodar som motiverande intervju og hjelpemiddel som KMI-skjema.
Konklusjon: Dersom ein tidleg går inn og førebygger overvekt og fedme, kan ein forhindre utvikling av diabetes type 2 hjå barn, samt alvorlege sekundære komplikasjonar i vaksen alder. Sjukepleiaren si oppgåve er å kommunisere, motivere og rettleie familien i livsstilsendringa. Kommunikasjonen må tilpassast den kognitive utviklinga til barnet, og vil i tillegg vere styrt av lovverket. Alle tiltaka må inkludere heile familien då det er vanskeleg for overvektige barn å endre vanar dersom ein ikkje blir støtta av familien.