Livskvalitet hjå parkinsonpasientar
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2671068Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: I løpet av praksis møtte eg svært mange pasientar med Parkinson sjukdom, der det i stor grad var fokus på motoriske plager. I fleire høve visste ikkje sjukepleiar korleis ein skulle vere til hjelp for pasientane. I samtalar med pasientane opplevde eg at dei ikkje-motoriske symptoma var det som påverka pasientane i størst grad og førte til redusert livskvalitet. Det bør leggjast meir vekt på å forstå dei psykiske påkjenningane ved sjukdomen, og korleis dette påverkar kvardagslivet og livskvaliteten.
Problemstilling: Korleis ivareta livskvalitet hjå parkinsonpasientar med depresjon i heimetenesta?
Hensikt: Hensikta er å få auka kunnskap om korleis sjukepleiar kan tilrettelegge og rettleie parkinsonpasientar som lir av depresjon for å ivareta livskvalitet.
Metode: Oppgåva er ein systematisk litteraturstudie. Databasane Medline og Cinahl er nytta for å søke etter relevant litteratur. Eg har valt ut fire forskingsartiklar for å kunne svare på problemstillinga, desse er kritisk vurdert ved hjelp av sjekklister for å avgjere om resultata er til å stole på.
Resultat: Teori og forsking viser at fleire tiltak kan setjast i verk for å bevare livskvalitet hjå pasientar med Parkinson. Depresjonsreduserande tiltak, kognitiv atferdsterapi, sosial støtte og støtte i høve grunnleggande behov er sentralt. Sjukepleiar har ei sentral rolle og må ha fokus på å gi god informasjon, rettleiing og støtte, då dette er med på å betre og ivareta livskvalitet. Mange eigne erfaringar stemmer overeins med resultat frå teori og forsking.