dc.description.abstract | Tittel: Korleis kan sjukepleiar oppnå tillit og ein god relasjon til menneske som opplever psykose?
Bakgrunn for val av tema: I følgje folkehelseinstituttet sin psykisk helse rapport (2018) er psykisk liding utbredt i den norske befolkninga, der dei fleste sjukdomstilfella debuterer i ung alder, innan 30-års alderen. Eg har erfart at som sjukepleiar treng ein kunnskap om korleis ein skal danne tillit og ein trygg relasjon til menneske som lider av psykosar, då ein god relasjon mellom sjukepleiar og pasient kan føre til positiv utvikling av betringsprosessen til pasienten.
Hensikt: Å få auka kunnskap om korleis ein på best mogleg måte kan skape tillit og ein god relasjon til menneske med psykosar.
Problemstilling: Korleis kan sjukepleiar oppnå tillit og ein god relasjon til menneske som opplever psykosar?
Metode: Oppgåva bygger på eit litteraturstudie, der eg brukar både forsking og faglitteratur til innsamling av data til å svare på problemstillinga mi. I oppgåva blir det brukt totalt 5 forskingsartiklar.
Funn: Menneske som lider av psykosar er ein gruppe som ofte er prega av mistillit til andre menneske, ettersom dei har ein annan verkelegheitsoppfatning enn andre. For at ein skal kunne danne ein trygg og god relasjon til denne gruppa pasientar er det nødvendig med tillit, samt at sjukepleiar viser pasientane respekt, likeverd, sympati, medkjensle, empati og omsorg. Det er også viktig å bruke god tid til oppbygninga av relasjonen, då relasjonsbygging er ein prosess som krev tid for å kunne utvikle seg i ein positiv retning | en_US |