«Dei gløymde barna»
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2671055Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Tittel:
«Dei gløymde barna».
Bakgrunn for val av tema:
Då eg starta på mi utdanning for å bli sjukepleiar, starta eg samstundes å arbeide på ein døgninstitusjon for rusmiddelavhengige. I løpet av dei tre siste åra har eg møtt mange menneske som slit med rusmiddelavhengigheit, men som har ei målsetjing om endring i livet. Nokre av disse har i tillegg barn som er ein viktig faktor for ønsket om endring, men erfaringar tilseier at barn er eit sårbart tema å snakke om. Eg ønsker av denne grunn å lære meir om korleis eg som sjukepleiar kan ivareta barn som pårørande og vidare implementere kunnskapen i framtidig yrkesutøving.
Problemstilling:
Korleis ivareta barn som pårørande når ein av foreldra er rusmiddelavhengig?
Metode:
Metoden som er brukt i oppgåva er litteraturstudie. Det er tatt føre seg funn i andre sin forsking, og ulik litteratur har blitt samla inn. I oppgåva er det blitt brukt relevant faglitteratur om rusmiddelavhengigheit og rusarbeid, med fokus på ivaretaking av barn som pårørande. Eigne erfaringar frå arbeid på døgninstitusjon for rusmiddelavhengige er også tatt med i oppgåva.
Oppsummering av funn og konklusjon:
Funn i denne litteraturstudien viser at barn som pårørande er lite i fokus gjennom sjukepleieutdanning og vidare arbeidsliv. Sjukepleiarar følger i liten grad opp med barne- og familiesamtalar. Dette ligg ofte til grunn i mangelfull kunnskap om det å ivareta barn som pårørande. Ulike studiar, teori og praksisbasert kunnskap viser at det er mange tiltak ein kan setje i verk for å sikre at barn som pårørande blir ivaretekne.