Effekt av sedasjonsprotokoll til respiratorpasientar
Original version
HVLAbstract
Bakgrunn Ei sentral oppgåve for intensivsjukepleiarar er å vurdere og dokumentere sedasjonsnivået til respiratorpasienten. Dette kan være utfordrande då vurderingane er subjektive og avhengig av kvar enkelt intensivsjukepleiar sin kompetanse. Sedasjonsprotokoll blir brukt for å optimalisere respiratorpasienten sitt sedasjonsnivå.
Hensikt Hensikten med studien er å oppsummere tidlegare forsking for å sjå på effekten av å bruke sedasjonsprotokoll til sederte respiratorpasientar.
Metode Ein systematisk litteraturoversikt med randomiserte kontrollerte studiar er utført. Det er gjennomført søk i databasene Embase (OVID), Cochrane Central Register of Controlled Trials (CENTRAL), Medline (EBSCO), Cinahl (EBSCO), Academic Search Elite (EBSCO) og Epistemonikos – i dei resterande utfallsmåla behandlingstid med respirator og liggedøgn på intensivavdeling februar 2019. Det er sett opp fire utfallsmål i denne systematiske oversikta; behandlingstid med respirator, liggedøgn på intensivavdeling/sjukehus og mortalitet. Det er benytta metaanalyse og narrative synteser i analyse av data. GRADE vart brukt til å vurdere kvaliteten på dokumentasjonen.
Resultat Sju RCT studiar møtte inklusjonskriteria. Metaanalysen viser signifikant lavare mortalitet for pasientar som mottek sedasjonsprotokoll, samanlikna med pasientar som ikkje får sedasjonsprotokoll. Den samla dokumentasjonen bak samanlikninga vart gradert til lav kvalitet og det er begrensa tillit til effektestimatet. For /sjukehus vart det utført ei narrativ syntese der ein ikkje finn sikker effekt av sedasjonsprotokoll. Fleire av dei inkluderte studiane hadde risiko for systematiske skeivheiter.
Konklusjon Denne systematiske oversikten gjev ingen klare konklusjonar rundt effekten av sedasjonsprotokoll. Metaanalysen som er utført viser signifikant effekt av sedasjonsprotokoll på overlevelse, men kvaliteten på dokumentasjonen er vurdert til lav. Det er behov for fleire RCT studiar av god kvalitet for å kunne fastslå effekt av sedasjonsprotokoll.