Implementering av feilindikatorar i maskenett
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2656610Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
HVLSammendrag
I denne bacheloroppgåva ser vi nærmare på tre ulike feilindikatorar for utplassering i kabelnett. Oppgåva er gjeve av Sunnfjord Energi AS og omhandlar val av feilindikator og plassering, samt kartlegging av system, framtidige og økonomiske vinningar med ei slik implementering. Vi undersøkjer dette i eit avgrensa nettområde i Fjaler kommune i Vestland fylke. Målsetninga er å redusere nedetid, kvalitetsjusterte inntektsrammer for ikkje levert energi (KILE) og samstundes førebu nettområdet for implementering av automatisk avbrotshandtering (self healing). Vi har undersøkt dette ved å sjå på ulike feilscenario i nettet der vi kartlåg korleis nedetid og KILE vert påverka ved implementering av dei ulike tiltaka.