Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHjelmeland, Hilde Elvebakk
dc.date.accessioned2019-11-28T13:08:09Z
dc.date.available2019-11-28T13:08:09Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2630910
dc.descriptionMasterstudie i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap, Institutt for samfunnsvitenskap 18.10.2019nb_NO
dc.description.abstractI denne studien har eg forsøkt å kaste lys over standardisering som verktøy for kvalitetsforbetring gjennom å studere eit fagleg nettverk i billeddiagnostikk i eit helseføretak. Dette nettverket vart oppretta gjennom eit prosjekt initiert av leiinga i det regionale helseføretaket og skulle mellom anna harmonisere dei radiologiske protokollane i helseføretaket. Eg gjennomførte ei kvalitativ undersøking der eg intervjua åtte deltakarar frå nettverket i tillegg til at eg har fått tilgang til nettverket sine prosjektsider med tilhøyrande prosjektdokument. Funna eg gjorde om korleis informantane opplevde at nettverket og standardiseringa fungerte, var ofte sprikande, men eg kan likevel dra nokon slutningar. 1. Fleire av deltakarane opplever ei betring av kvaliteten fordi det er mindre variasjon mellom tilbudet hos dei forskjellige radiologiske avdelingane. 2. Nettverksarbeidet er stort sett godt forankra i dei radiologiske avdelingane då dei standardiserte protokollane blir implementerte og deltakarane er villige til å delta. Det som er utfordringa i forhold til forankringa i avdelingane er at det ikkje vert sett av tid frå leiinga til å førebu seg og delta i møtene. 3. Deltakarane vurderer nytten og kostnaden av nettverket som omtrent like stor, noko som på sikt kan verte ei utfordring for nettverket sin eksistens. 4. Dei fleste av deltakarane opplever at dei har fått ei større kontaktflate på grunn av nettverksarbeidet. 5. Utfordringar for nettverket er tidsbruk, ulike maskiner som gjer standardisering vanskeleg, at radiologifaget er dynamisk og at det er vanskeleg å prioritere denne typen arbeid framfor andre oppgåver. 6. Framtidige mogelegheiter eller goder ved nettverket, slik informantane ser det, at ein får bekrefta at jobben ein gjer er god nok, ein får anledning til å stikke seg fram fagleg på nasjonal plan. Nettverket kan nyttast som eit fora for å diskutere funksjonsfordeling og samarbeid med eksterne aktørar. Informantane opplever spesielt at nettverket er egna til utarbeiding av retningslinjer og ein har oppnådd eit betra samarbeid med dei private røntgeninstituttanb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleStandardisering som verktøy for kvalitetsforbetring - ein studie av eit fagleg nettverk i billeddiagnostikknb_NO
dc.title.alternativeStandardization as a tool for quality improvement - a study of a professional network in radiologynb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeMR691nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal