Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSolstad, Liv Jorunn
dc.contributor.authorSudmann, Tobba Therkildsen
dc.date.accessioned2019-11-12T08:30:14Z
dc.date.available2019-11-12T08:30:14Z
dc.date.created2019-11-09T18:52:49Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.citationSolstad, L. J. & Sudmann, T. T. (2019). Deltaking og medverknad for tilsette i helse- og omsorgssektoren. Senter for omsorgsforskning, vest, Høgskulen på Vestlandet.nb_NO
dc.identifier.isbn978-82-8340-093-9
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2627831
dc.description.abstractBakgrunn: Forsking og utviklingsarbeid har vist at dagens norske arbeidsliv har eit ubrukt potensiale når det gjeld tilsette sin medverknad og deltaking i sektoren. I denne sektoren er sjukefråværet høgare enn ønska, og det er eit problem med for tidleg avgang frå arbeidslivet. Arbeidslivshelsa er med andre ord ikkje god nok. Denne kunnskapsoppsummeringa har som mål å gje tilsette og leiarar i dei kommunale helseog omsorgstenestene meir kunnskap om medverknad og deltaking og korleis ein kan påverka prosessar som støttar arbeidslivdemokratiet, fremja effektive og gode tenester, og betra arbeidshelsa. Kunnskapsbidrag: Arbeidsgjevar har rett og plikt til å leggja til rette for reell medverknad og deltaking, og denne plikta er stadfesta i statlege føringar. Denne plikta vert i mange høve ikkje etterlevd av dei ansvarlege. Oppsummeringa viser at mange tilsette opplever ubalanse mellom ansvar og mynde og svak medverknad når det gjeld eige arbeid, i organiseringa av arbeidet og i plan- og strategiarbeid. Den viser at tilsette kan betra arbeidsmiljøet, medverka og delta på arbeidsplassen dersom dei får høve til det. Arbeidslivsdemokrati og effektivitet i tenestene (dvs. tilhøvet mellom det som vert gjort/produsert og kostnadene) og arbeidslivshelse er truga om ikkje medverknad og deltakinga frå tilsette og deira representantar vert tatt på alvor, og integrert i dagleg drift og styring. Kunnskapsoppsummeringa svarar på fylgjande hovudspørsmål: • Kva fremjar og kva hemmar medverknad og deltaking for tilsette i helse- og omsorgstenestene i kommunal sektor? • Kva for ressursar og verkty kan takast i bruk for å sikra medverknad, deltaking og inkluderande arbeidsliv i helse- og omsorgstenestene i kommunal sektor?nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherOmsorgsbiblioteketnb_NO
dc.titleDeltaking og medverknad for tilsette i helse- og omsorgssektorennb_NO
dc.typeBooknb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.source.pagenumber85nb_NO
dc.identifier.cristin1745664
cristin.unitcode203,11,11,0
cristin.unitcode203,11,3,0
cristin.unitnameSenter for omsorgsforskning vest
cristin.unitnameInstitutt for velferd og deltaking
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel