Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStein, Camilla Lovise Elvebakk
dc.date.accessioned2019-08-18T22:10:15Z
dc.date.available2019-08-18T22:10:15Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2608875
dc.descriptionMasterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskap 14.06.2019nb_NO
dc.description.abstractKommunereforma skal legge grunnlaget for sterkare kommunar som kan ivareta velferdsoppgåver både no og i framtida, samt å sikre gode lokalsamfunn for innbyggjarane. Målet for reforma er større kommunar med betre kapasitet og kompetanse, som vil legge til rette for gode og likeverdige tenester over heile landet. Dei fire kommunane Naustdal, Gaular, Førde og Jølster blir 01.01.20 slått saman til Sunnfjord kommune. Vedtaket om samanslåing er gjort på grunnlag av resultat frå folkeavrøystingar, innbyggjarhøyringar og vedteken intensjonsavtale. Tilsette i dei fire eksisterande kommunane har ansvar for å iverksetje og implementere reforma og det er nettopp denne prosessen eg ynskjer å studere. Eg har utforma følgjande problemstilling: Korleis vurderer tilsette utfordringane og prosessen i kommunesamanslåinga, og kvifor? Data til prosjektet er henta frå ei elektronisk spørjeundersøking som blei gjennomført i februar 2019. 414 tilsette i dei eksisterande kommunane har svart heilt eller delvis på undersøkinga. Ei kvantitativ tilnærming er nytta for å svare på problemstillinga, og datamaterialet er analysert gjennom statistikkprogrammet Statistical Package for Social Sciences (SPSS). Hovudfunna viser at tre av fire tilsette opplever å ha motteke relevant og nyttig informasjon, halvparten vurderer å vere involvert i avgjerder som vedkjem samanslåinga, og i underkant av ein av tre opplever å ha reell påverknad på prosessen. Over halvparten av alle tilsette fryktar i liten grad å miste kontroll over eigen arbeidssituasjon. Dei bivariate analysane indikerer at det er statistisk signifikante forskjellar i korleis tilsette vurderer utfordringane og prosessen i kommunesamanslåinga i høve kontekstuelle og prosessuelle forhold. For å forstå og forklare funna frå prosjektet nyttar eg iverksetjingsteori, teori om endringsstrategiar og organisasjonsstruktur- og kultur som eit teoretisk bakteppe for å forstå og forklare funna frå prosjektet mitt. Analysen viser at strukturelle forhold som kva kommune ein er tilsett i, stillingstype og sektor påverkar tilsette si vurdering av samanslåingsprosessen. Leiarar og tilsette i støtte/stab er dei som er mest positive, noko som truleg kan forklarast med at det er denne gruppa som i størst grad er involvert i prosessarbeidet. Tilsette i den største kommunen fryktar i minst grad å misse kontroll over eigen arbeidssituasjon, medan dei tre mindre kommunane uttrykker meir bekymring i høve dette. Organisasjonskulturen i dei eksisterande kommunane ser ut til å vere prega av samarbeid og deltaking. Mange tilsette ser på arbeidsstaden sin som dynamisk og nyskapande og prega av rausheit ovanfor kvarandre. Nesten alle ser på seg sjølv som ansvarlege for å bidra til utvikling og endring på eigen arbeidsstad. Leiarstrategien til Sunnfjord kommune ser ut til å vere omfatta av element frå ulike endringsstrategiar, der ein både har fokus på menneska i endringsprosessen og samstundes er oppteken av strategiar, struktur og system. Med bakgrunn i funna i prosjektet kan implementeringa av reforma i Sunnfjord kommune skildrast som ei administrativ iverksetting. Frå politisk og administrativt hald blir dette arbeidet styrt ovanfrå-og-ned gjennom klare vedtak og låg grad av usemje. Samanslåingsprosessen viser totalt sett teikn til å ha gått bra så langt, sjølv om prosessen blir vurdert svært ulikt av informantane.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleSunnfjord kommune – prosess og strateginb_NO
dc.title.alternativeSunnfjord kommune – process and strategynb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeMR691nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal