Den gode skuleleiaren: ei narrativ analyse av læraren sine perspektiv på leiing
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2608871Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Samandrag
Føremålet med denne oppgåva er å finne fram til kva for perspektiv på leiing lærarar tek i bruk når dei omtalar sin ideelle skuleleiar. Forskinga på rektor si rolle og skuleleiing dreiar seg mykje om leiing i bestemte kontekstar, til dømes i prosjekt eller omstillingar. Læraren si stemme, oppleving og forteljing i det eg har valt å kalle kvardagsleiing er lite omtala. Oppgåva er eit empirisk bidrag til desse stemmene og perspektiva som ved hjelp av narrativ metode søker å svare på problemstillinga:
” Kva for perspektiv på leiing tek lærarar i bruk når dei fortel om den gode skuleleiaren?”
Desse perspektiva vert knytt til teoretisk rammeverk der verdibasert leiing, tillit og relasjonar står sentralt i forteljingane. Funna i undersøkinga viser at verdiar, tillit, relasjonar og personelege eigenskapar er viktige faktorar for lærarar når dei skal skildre ein god skuleleiar.
Samstundes viser det at positive personelege eigenskapar er ikkje nok for å vere ein god administrator og ”driftar”. Ein god leiar må ifølge informantane ha gjennomføringsevne, vere tydeleg og kunne delegere. I tillegg kvilte alle på at rektor måtte vere ein god kommunikator og ha eit grunnleggande verdisyn om at alt hen føretek seg er til det beste for dei rundt, både fagleg og menneskeleg.
Beskrivelse
Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskap. 14.06.2019.