«Det berre vart slik, …» -Ein studie om korleis avgjerslene kring organiseringsmodell for innføringstilbod i særskild norsk i grunnskulen blir fatta.
Abstract
Samandrag
Emnet for denne studien har sitt utspring frå endringa av Opplæringslova §2.8 i 2012. Denne lovendringa opna opp for at begynnaropplæringa i norsk for elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn, kunne organiserast som intensive innføringstilbod. Loven opna opp for tre moglege organiseringsmodellar. Med bakgrunn i dette er problemstillinga for studien:
Korleis blir avgjerslene kring organiseringsmodell for særskild norsk innføringstilbod i grunnskulen fatta?
Studien har ein kvalitativ tilnærming som er gjennomført med fem delvis strukturerte intervju.
Eit av hovudfunna i studien er at kommunane nyttar tidlegare erfaringar som grunnlag for val av organiseringsmodell for særskild norsk innføringstilbod i grunnskulen. Ein anna hovudtendens er at respondentane opplever at det er ulike aktørar, på ulik tid, som har hatt påverknad på val av organiseringsmodell. Ein tredje hovudtendens er at tid har vore sentral for avgjersleprosessen hjå fleire av kommunane. Respondentane fortel om korte tidsfristar, og forhold utan for deira eigen kontroll. Ein fjerde tendens er at kontekstuelle forhold har hatt ei rolle for utforminga, og val av organiseringsmodell. Forhold som geografiske avstandar, fysiske strukturar, tal på elevar, og tilgang på kompetent undervisningspersonale, spelar inn på avgjersleprosessen og det endelege valet av organiseringsmodell i dei fem kommunane som deltok i studien. Avgjersleteori og teori om sti-avhengigheit blei nytta for å forklare funna.
Description
Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing. Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskap 14. juni 2019