Endringsstrategiar sentralt og handlingsrom lokalt i statleg verksemd
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2608867Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Samandrag
Oppgåva handlar om leiing av organisasjonsendringar i statleg bedrift. Organisasjonsendringar er ein kontinuerleg prosess, som pågår for bedrifter som ynskjer eller må, endre seg i takt med samfunnsendringar. Dei seinare åra har det vore gjennomgripande organisasjonsendringar i nær sagt alle statlege bedrifter, spesielt som følgje av kommune- og fylkessamanslåingar, kor uttalte mål som oftast dreiar seg om å effektivisere.
Tematikken i oppgåva dreiar seg om å sjå etter endringsstrategiar frå sentral leiing rundt desse prosessane. Oppgåva tek utgangspunkt i korleis regionale leiarar opplever desse, og korleis dei opplever eige handlingsrom. I forskinga var det naudsynt å gå i djupna for å få informasjon rundt slike opplevingar. Tre regionleiarar i NAV og tre i Innovasjon Norge vart intervjua. Opplevingane informantane fortalte om viste seg å vere i stor grad like internt i bedriftene. Leiarane i NAV opplevde gode endringsstrategiar sentralt, og eit stort handlingsrom lokalt. Leiarane i Innovasjon Norge opplevde å bli lite involverte og høyrde, men opplever likevel å ha eit godt handlingsrom lokalt.
Beskrivelse
Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing – MR691 Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap/Institutt for samfunnsvitskap Eksamensdato: 14. juni 2019