Leiarstil sin påverknad på konfliktar i organisasjonar
Abstract
Formålet med mastergradsoppgåva er å kartlegge om det er ein samanheng mellom konfliktnivå i verksemder og kva leiarstil leiarane har. Hovudmålet har vore å finne ut om opplevd leiarstil kan påverke konfliktnivået i bedrifter. Utgreiinga er basert på deskriptiv, kvantitativ metode, samt hypotesetesting, og det vart gjennomført ein elektronisk spørjeundersøking der totalt 596 tilsette i bedrifter på Vestlandet har delteke. Oppgåva er med på å stadfeste tidlegare forsking på at personalkonfliktar er eit utbreidd fenomen, men at det på det jamne er god trivsel i bedriftene som har vore med i studien. Studien viser at det er flest respondentar som opplever mindre konfliktar, mens mobbing, trakassering, utilbørleg opptreden og utfrysing skjer i mindre grad. Mastergradsoppgåva tek utgangspunkt i leiarstilane som er omhandla i Blake og Mouton sitt leiargitter, samt Blanchard og Hersey sine teoriar om situasjonsbestemd leiarstil. Resultata frå spørjeundersøkinga viser at det er mest personalkonfliktar, mobbing og utskiftingar/turnover i verksemder der leiinga har ein destruktiv- og Laissez-faire- leiarstil. Leiarstilane som har minst konfliktar er lagleiing og omsorgsorientert leiarstil. Vidare syner oppgåva at leiar sin kunnskap på konflikthandtering påverkar konfliktnivå i stor positiv grad, og at dynamiske leiarstilar (situasjonsbestemd leiing) har ein positiv effekt på konfliktnivå, samanlikna med destruktive leiarstilar. Funna frå oppgåva samsvarar i stor grad med tidlegare leiarteoriar, som syner at destruktiv leiarstil (og spesielt Laissez-faire) i svært stor grad påverkar konfliktnivå i organisasjonar i negativ retning.