Kva erfaringar har mødre med amming etter tidleg heimreise? Ein Scoping review
Abstract
Bakgrunn: Opphaldet på barselavdelingane er i endring, internasjonalt og i Norge. Kvinner reiser heim 6-48 timar etter fødsel.
Hensikt: Studien kartlegg forsking som er gjort rundt mødre sine erfaringar med amming og tidleg heimreise etter fødsel. Problemstillinga: Kva erfaringar har mødre med amming etter tidleg heimreise? Ein Scoping review.
Metode: Metoden i studie er scoping review. Hensikta er å finkjemme store områder for relevant kunnskap, for å presentere oversikt av tema på feltet. Inklusjonskriteriane: internasjonal og skandinavisk forsking, kvinner og born med heimreise frå 6-72 timar. 9 databaser; Epistemonikos, SweMed+, Academic search elite m/Cinahl, Medline Ovid, Oria, Embase via Ovid, Cochrane Library og Johanna Briggs Institute EBP og Cinahl EBCSCO. Resulterte i 11 forskingsartiklar.
Resultat: 4 tema: Tryggleik i eigen heim, Tryggare på sjukehuset og kontakt med helsepersonell, Usikkerheit knytt til amming, og Viktige faktorar for å klare amminga.
Konklusjon: Tidleg heimreise har ikkje innverknad på amminga så lenge det er lagt til rette for støtte, hjelp og rettleiing frå helsepersonell. Nøkkelord: Amming, tidleg heimreise, erfaring, profesjonelt helsepersonell, postpartum
Description
Masteroppgave i jordmorfag, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen