Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRussenes, Synnøve Solhaug
dc.date.accessioned2019-06-25T12:36:04Z
dc.date.available2019-06-25T12:36:04Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2602157
dc.descriptionMaster i klinisk sjukepleie - anestesisjukepleie, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergennb_NO
dc.description.abstractBakgrunn: Måling av temperatur og førebygging av utilsikta hypotermi er ein del av anestesisjukepleiaren sitt ansvarsområde. Når måling av temperatur ikkje vert utført på pasientane, kan ein ikkje vite om dei utviklar utilsikta hypotermi, og såleis kan ein ikkje vite om retningslinjer vert fulgt. Det synast å vere eit gap mellom retningslinjer og utføring av temperaturmåling i praksis. Hensikt: Hensikta med prosjektet var å undersøkje temperaturen til dagkirurgiske, gynekologiske pasientar og eventuell førekomst av utilsikta hypotermi hjå denne pasientgruppa. Det var ynskjeleg å undersøkje om det som vart gjort i den daglege praksisen var tilstrekkeleg for å unngå utilsikta hypotermi hjå pasientane, eller om dette er eit område med rom for kvalitetsforbetring. Metode: Klinisk audit er nytta som metode for å undersøkje kvaliteten i utføring av temperaturmåling og førekomst av utilsikta hypotermi i avdelinga. Det er utført ei kvantitativ undersøkjing av temperaturen hjå 50 pasientar i ei dagkirurgisk avdeling. Dette blei gjort for å finne ut om pasientane beheldt kroppstemperaturen innan tilfredsstillande mål under operasjonen med dagens varmebevarande tiltak, eller om dei utvikla utilsikta hypotermi i løpet av forløpet. Resultat: Resultat frå studia syner at med dagens praksis får ein stor del av pasientane ein nedgang i kroppstemperaturen. 66 % av dei inkluderte pasientane burde, i følgje nasjonale og interasjonale retningslinjer, fått varmebevarande tiltak i løpet av forløpet. På grunn av manglande tiltak for å hindre utvikling av utilsikta hypotermi utvikla 30 % av pasientane utilsikta hypotermi. Konklusjon: Då ein stor del av pasientane får nedgang i kroppstemperatur i løpet av operasjonsforløpet bør det utarbeidast retningslinjer i avdelinga for temperaturmåling og varmebevarande tiltak hjå pasientane. Retningslinjene må implementerast i praksis og ein må gjere ein re-audit for å undersøkje om dette har effekt.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectklinisk auditnb_NO
dc.subjectkvalitetsforbetringnb_NO
dc.subjectanestesinb_NO
dc.subjecthypoterminb_NO
dc.subjecttemperaturmålingnb_NO
dc.subjectclinical auditnb_NO
dc.subjectquality improvementnb_NO
dc.subjectanesthesianb_NO
dc.subjecthypothermianb_NO
dc.subjecttemperature measurementnb_NO
dc.titleTemperaturmåling av gynekologiske pasientar i ei dagkirurgisk avdeling. Eit kvalitetsforbetringsprosjekt med klinisk audit som metode for å fremje kunnskapsbasert praksisnb_NO
dc.title.alternativeTemperature measurement of gynecological patients in a day-surgical department. A quality improvement project with clinical audit as a method for promoting knowledge-based practice.nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeMKS591nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal