Toddlaren sitt møte med gjenbruksmaterialar
Original version
Halland, S. A. (2019). Toddlaren sitt møte med gjenbruksmaterialar. BARN - Forskning om barn og barndom i Norden, 37(1), 81-94. 10.5324/barn.v37i1.3008Abstract
Denne artikkelen bygger på eit kvalitativt studie frå ein småbarnsbase i Norge. Målet mitt er å framheva toddlaren sitt møte med gjenbruksmaterialar, og utfordra barnehagen sin praksis ved å la desse materiala tre fram og eksistera i eit større rom. Mi vitskapelege tilknyting og kunnskapsinteresse kviler på kroppsfenomenologien til Maurice Merleau-Ponty (1945, 2012), Gunvor Løkken (2004) sitt toddlarstudie og Lenz Hillevi Taguchi (2010) som opnar for at materialar er sterke, performative agensar som inngår i ein intraaktivitet med menneske. Med eit hermeneutisk-fenomenologisk forskarblikk (Max Van Manen 1990) og ei noko meir poststrukturalistisk og ny-materialistisk tilnærming har eg reanalysert mine observasjonar for å forstå kva som pregar toddlaren sitt møte med gjenbruksmaterialar. Det er avgrensa forsking på området, og det er ukjent for meg at nokon har dokumentert toddlaren sitt møte med gjenbruksmaterialar på denne måten tidlegare. Av den grunn kan denne artikkelen vera eit kunnskapsbidrag for barnehagefeltet.