dc.contributor.author | Meland, Mariann | |
dc.date.accessioned | 2019-02-19T08:42:20Z | |
dc.date.available | 2019-02-19T08:42:20Z | |
dc.date.issued | 2018 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/2586102 | |
dc.description.abstract | Bakgrunn for val av tema: Helsesøstrer bruker sjølvhjelpsverktøyet Psykologisk Førstehjelp i møte med skuleelevar på barneskule både i individuelle samtalar og undervisning.
Hensikt: Hensikta med denne masterstudien var å få auka kunnskap og ei djupare forståing for kva betydning det kan ha for elevar på barneskule at helsesøster bruker Psykologisk Førstehjelp. Studien er basert på omsorgsvitskapleg perspektiv og helsesøstrer sine erfaringar.
Problemstilling: Psykologisk førstehjelp – kva betydning kan det ha for barn at helsesøster bruker det?
Metode: Studien har eit kvalitativt design med hermeneutisk-fenomenologisk tilnærming, og er basert på individuelle intervju med 5 helsesøstrer som arbeider på barneskule og har brukt Psykologisk Førstehjelp (PF). Kvalitativt forskingsintervju er brukt som datainnsamlingsmetode.
Funn: Studien viser at helsesøstrene integrerer teorien til PF i seg og bruker det i ulike samanhengar, sjølv om verktøyet ikkje alltid blir brukt i sin heilskap. For elevane kan det vere trygt å ha noko å halde på med under samtalen med helsesøster, og bamsane og hjelpehanda kan bidra til det. Bruk av PF kan også vere verdifullt for elevane ved at det kan bringe leik inn i møtet med helsesøster. For elevane kan dette gjere det enklare å snakke og å lære om tankar og følelsar.
Oppsummering: Studien viser at helsesøstrene sin bruk av PF i møte med elevar kan vere ein del av omsorga frå helsesøster til elev, og inneheld omsorga sin kjerne; å ansa, leika og læra. | nb_NO |
dc.language.iso | nno | nb_NO |
dc.publisher | Høgskolen på Vestlandet | nb_NO |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.title | Psykologisk Førstehjelp: Kva betydning kan det ha for elevar at helsesøster bruker det? : Ei kvalitativ studie basert på helsesøstrer sine erfaringar på barneskular | nb_NO |
dc.type | Master thesis | nb_NO |
dc.description.localcode | HELS-OPPG | nb_NO |