Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVik, Gerd
dc.contributor.authorWikstrøm, Solveig
dc.contributor.authorHansen, Grethe Høyvik
dc.contributor.authorSkalmeraas, Arild
dc.contributor.authorLunndal, Clara Agathe Hagtvedt
dc.contributor.authorSvanberg, Paul Simon
dc.contributor.authorAndenæs, Nils
dc.date.accessioned2019-02-04T13:56:30Z
dc.date.available2019-02-04T13:56:30Z
dc.date.issued2018-12
dc.identifier.isbn978-82-93677-01-7
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2583786
dc.descriptionUH-nett Vest – Biblioteksamarbeidetnb_NO
dc.description.abstractPå bakgrunn av tilrådingane som var gjort i fase II, valde vi primært å arbeide vidare med å sjå på ein modell der ein liten institusjon kan bli administrert og kome med på avtalar for digital vitskapleg forskingslitteratur hjå ein større UH1-institusjon med eige bibliotek. Det viser seg at forlaga i liten grad godtar dette dersom institusjonen er ei eiga juridisk eining. For desse minste institutta – ofte organisert som stiftelsar - er også utfordringa at prisstrukturen i mange avtalar ikkje er finmaska nok. Prismatrisene fangar ikkje opp dei minste deltakarane i avtalane, og dei må eventuelt inngå dyre avtalar. Institutt som er eigd av ein UH-institusjon kan oppnå betre prisar, men arbeidet med dette er svært tid- og ressurskrevjande. Nokre forlag – men ikkje alle – godtok at slike institusjonar kunne kome med eller få fordelar av eigarinstitusjonen sine avtalar. Det er stor variasjon i institusjonar kor den eine administrerer forskingsressursar på vegner av ein annan (mor/dotter-institusjonar) med omsyn til formelle tilhøve som sams eller ulike IP-adresser, eigarforhold eller juridiske einingar på den eine sida og forlaga sine vilkår for administrasjon og tilgang på den andre. Det er komplekse lisensvilkår. I nokre tilfelle kan ein forhandle eit institutt inn i ein avtale, men det er ikkje ein straumlineforma måte å gjere dette på. Etter eit møte som vår gruppe tok initiativ til, har Unit, Norges forskningsråd og Forskningsinstituttenes fellesarena planlagt vidare samarbeid med sikte på andre mogelege fellesløysingar for instituttsektoren. Ein har avgrensa erfaring med å inngå avtale om brukar- eller forskingsstøtte mellom eit forskingsinstitutt og eit bibliotek ved ein UH-institusjon, men vi ser at det er kome nokre positive døme på dette. Det er mange teikn i tida som tyder på at den unike marknads- og monopolsituasjonen som forlaga har klart å etablera, no vert utfordra: Talet på publikasjonar med open tilgang aukar, og store konsortium i fleire land forsøker å presse prisane frå forlaga. Det er ønskje om å snu betalingsstraumen frå å betale for abonnement og lesing til at forfattarane betalar for publisering av sine artiklar gjennom open tilgang. Prisstrukturen i mange avtalar fangar ikkje opp dei minste einingane. Det er difor viktig at Unit held fram med å tale dei minste institusjonane si sak i forhandlingar.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectForskningslitteraturnb_NO
dc.subjectRegional tilgangnb_NO
dc.subjectTilgangnb_NO
dc.subjectBiblioteksamarbeid
dc.subjectLisensavtaler
dc.subjectForlagsvirksomhet
dc.subjectKonsortieavtaler
dc.subjectForskningsinstitutt
dc.subjectFagbibliotektjenester
dc.subjectUniversitets- og høgskolebibliotek
dc.subjectBrukerstøtte
dc.title«På Tvers. Regional tilgang til forskingsressursar» Fase 3: Vurdering av modellar og mogelege løysingarnb_NO
dc.typeReportnb_NO
dc.source.pagenumber44nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel