Tilknyting mellom mor og barn på nyføddintensivavdeling
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2568915Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Tittel: Tilknyting mellom mor og barn på nyføddintensivavdeling.
Bakgrunn for val av tema: Kvart år leggast mellom 3000 og 6000 nyfødde inn ved ei nyføddintensivavdeling i Noreg (Barneombudet, 2013). For eit år sidan blei eg mor sjølv, noko som auka interessa mi for temaet, og spesielt rundt det å få eit prematurt eller sjukt barn som treng intensivbehandling. I tillegg til dette har eg lyst å jobbe med nyfødde barn.
Problemstilling: Korleis legge til rette for tilknyting mellom mor og barn på nyføddintensivavdeling?
Metode: I oppgåva er det nytta litteraturstudie som metode. Oppgåva er basert på fem forskingsartiklar, pensumlitteratur, anna faglitteratur samt eigne erfaringar som sjukepleiarstudent og mor
Oppsummering: I denne oppgåva kjem det fram ei rekke tiltak som verkar positivt inn på tilknytingsprosessen mellom mor og barn. Oppgåva beskriv korleis sjukepleiar kan bidra til ei tidleg og trygg tilknyting mellom mor og barn på ei nyføddintensivavdeling. Ein kan blant anna nytte seg av hud-mot-hudkontakt, også kalla kengurumetoden, amming og familiebasert nyføddomsorg.