Eingong avhengig- alltid avhengig?
Abstract
Tittel: Eingong avhengig- alltid avhengig?
Bakgrunn for val av tema: Eg valte dette temaet fordi eg tykkjer det er eit viktig sjukepleiefagleg tema. Omtrent 9000 menneske i Noreg har rusproblem knytt til opioidar. Denne gruppa har ofte komplekse og samansette behov, som krev store ressursar og kompetanse hos helsepersonell i kommunehelsetenesta. Eg meinar difor at det er viktig at ein set søkelyset på dette temaet. Gjennom praksis på sjukepleiarstudiet har eg fått stor interesse for rusarbeid, og eg ville difor skrive ei oppgåve om dette.
Problemstilling: Korleis kan sjukepleiar i kommunehelsetenesta ivareta personar som har vore i behandling for rusavhengigheit?
Framgangsmåte: Denne oppgåva er ein litteraturstudie. Det vil seie at den er bygd på allereie eksisterande litteratur, som t.d. teori, forskning og erfaringar. Det er også med mange døme frå eigen praksis. Eg har nytta meg av fleire forskningsartiklar som handlar om motivasjon og stigma, samt pensum frå rus og psykiatri. I tillegg har eg brukt lovverk, nasjonale faglege retningslinjer og samhandlingsreforma for å besvare problemstillinga.
Resultat og konklusjon: Gjennomgang av forskning og pensum viser at det kan vere vanskeleg å halde seg rusfri etter behandling. Motivasjonen kan vere svingande, ein kan oppleve vanskelege situasjonar i dagleglivet, manglande sosialt nettverk og oppfølging. Det er viktig at sjukepleiaren ivaretek og følgjer opp brukaren etter behandling, både med tanke på samtalar, tilrettelegging av kvardagen, inkludering av pårørande og fungere som eit bindeledd mellom ulike yrkesgrupper for å sikre optimal oppfølging. Det er også svært viktig at sjukepleiaren behandlar brukaren med respekt, likeverd og viser omsorg, og at ein har nok kunnskapar og tid til å arbeide med denne brukargruppa.