Omsorg til unge kreftoverlevande
Abstract
Tittel: Omsorg til unge kreftoverlevande.
Bakgrunn for val av tema: Eg har valt dette tema fordi mange overlever kreft i dag. Etter kurativ behandling kjem det ofte ein del utfordringar som kreftoverlevande må handtere. Å gjere unge kreftoverlevande klar over kva seinskadar og utfordringa som kan komme i ettertid, synst eg er viktig for å forberede pasienten til å møte kvardagen etter behandling. Eg har og personleg erfaring som er hovudgrunnen for val av tema.
Problemstilling: Korleis kan sjukepleiar gi omsorg til unge kreftoverlevande slik at dei meistrar kvardagen etter gjennomført behandling?
Metode: Denne oppgåva er basert på litteraturstudie som metode, samt erfaringar og observasjonar eg har gjort i praksis i sjukepleie studiet. For å finne litteratur og databasar brukte eg Høgskule på Vestlandet si nettside. Det er og nytta pensumlitteratur og nettsider som Helsebiblioteket, Kreftregisteret og Kreftforeningen for å finne litteratur. Det er presentert 7 forskingsartiklar i oppgåva.
Oppsummering av funn og konklusjon: For å meistra utfordringar som følgje av behandling etter ein kreftdiagnose er støtte, informasjon og kunnskap viktig. Utfordringar unge kreftoverlevande har, som er mest rapporterte er seinskadar, psykiske plager, økonomiske problem og utfordringar med jobb og studie. Som sjukepleiar er det viktig å kartlegge kva som er den enkelte kreftoverlevande sine utfordringar. Deretter å gi informasjon og støtte, for å hjelpe unge kreftoverlevande til å meistre sine utfordringar i kvardagen.