Førebygging av malaria hos gravide.
Abstract
Tittel: Førebygging av malaria hos gravide
Bakgrunn: Eg er ein sjukepleiarstudent som har hatt fordjupningspraksisen min i Zambia. På fødeavdelinga opplevde eg dødfødslar, premature fødsler og spedbarn med lav fødselsvekt som skyldtes sjukdom hos mor. Førebygging av sjukdommar hos mor er ein viktig faktor for eit friskt spedbarn. Malaria er ein verdas mest utbredte infeksjonar kor 88% av tilfella finn vi i Afrika og er ein stor årsak for sjukdom og død i Zambia. Det er spesielt barn under 5 år og gravide. Sjukepleiaran si førebyggjande funksjon er sentral her sidan dei tilbringar mykje av tida si i direkte pasientretta arbeid.
Problemstilling: Korleis kan ein sjukepleiar bidra til å førebyggje malaria hos gravide kvinner i Zambia?
Framgangsmåte: Det er brukt litteraturstudie for å finne ut kva både forskning og anna litteratur seier om førebygging, malaria og graviditet. Mi eiga erfaring er også tatt med for å belyse problemstillingen frå fleire perspektiv.
Oppsummering: I denne litteraturstudien opplysast det om korleis sjukepleiara kan bidra til å førebyggje malaria hos ein gravid kvinne. Malaria kan påføre komplikasjon i eit svangerskap. Formidling av kunnskap og ein god relasjon mellom sjukepleiar og den gravide er viktig. Utfordringar som kultur, religion, ressursar og buplass er viktige faktorar som har vist seg å påverke førebyggjingsarbeidet mot malaria.