dc.description.abstract | Tittel
Inntil døden kjem vil eg leve
Bakgrunn for val av tema:
Ein møter stadig skepsis og lite forståing når ein syner interesse for å arbeide med palliasjon. «Vil du
utsetje deg for det, dei skal jo døy?». Døden er ein naturleg del av livet, og det er noko vi alle skal
erfare. Ein kan sjå seg som privilegerte som får lov å vere den som gjev omsorg til døyande, då det er
vi som får mogelegheit til å gjere den siste tida best mogeleg. Vi har difor valt å skrive om palliasjon,
for å vise at døden ikkje kun er tung og dystert, men kan vere fint.
Problemstilling:
Korleis kan eg som sjukepleiar gje god palliativ omsorg til pasienten som vil døy heime?
Metode:
Vi har hatt litteraturstudie som metode, der seks forskingsartiklar med kvalitativ og kvantitativ design
vart nytta. Vi nytta søkebasane Svemed+, Academic search elite, google scholar, og
www.sykepleien.no, i tillegg til pensumlitteratur for å finne relevant teori.
Oppsummering av funn og konklusjon:
Litteraturstudien syner sjukepleiaren si rolle i palliasjon. Her syner forsking og erfaringsbasert praksis
at god kommunikasjon, empatisk veremåte og heilskapleg menneskesyn er viktige føresetnadar for
ein verdig død. I tillegg set ein fokus på kontinuitet i helsetenestene, og at sjukepleiarar har
oppdatert kunnskap og kompetanse om palliasjon. Målet med palliasjon er at pasienten skal få nytte
si siste tid ilag med sine næraste, utan unødig smerter og ubehag, der ein til slutt møter døden med
verdighet. | nb_NO |