Relasjon og kommunikasjon til ROP-pasienten
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2568888Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Tittel: Relasjon og kommunikasjon til ROP-pasienten.
Bakgrunn for valg av tema: Tema er valt på bakgrunn av mine erfaringer i frå praksis. I praksis møtte eg pasientar med ROP-lidingar og opplevde at det å byggje relasjon til denne pasienten er spesielt tidskrevjande og utfordrande.
Problemstilling: Korleis kan sjukepleiar bruke relasjon og kommunikasjon som verktøy i møte med pasientar som har ROP-lidingar?
Metode: Oppgåva er skreve med litteraturstudie som metode og er basert på faglitteratur, sjølvvalt litteratur og seks forskingsartiklar knytt opp mot problemstillinga.
Oppsummering av funn og konklusjon: Ein god relasjon mellom brukar og tenesteytar har stor betydning for behandlingsresultatet, og kan ofte være viktigare enn kva behandlingsmetode som blir brukt. Når ein tillitsfull relasjon er utvikla, medfører det større grad av openheit mellom sjukepleiaren og pasienten.